Har starta opp med to tomme hender
Kvar har respekten og heiaropa blitt av for dei som har skapt dette fantastiske landet, gründere, næringslivet, industrien, dei som har skapt våre arbeidsplassar og bygd vårt flotte samfunn?
Respekt for dei som har bygd landet!
Du leser nå et leserinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.
Vi har svært mykje å glede oss over, og sjølv om eg er på Stortinget, lar eg meg ikkje rive med av debatter om polariserte politiske områder.
Innvandringsdebatt har til dømes eg aldri brukt mykje tid på her i fylket, i vårt område er det næringspolitikk, samferdsel og til dømes sjukehuspolitikk som åpenbart er det viktigaste for oss alle.
Det aller viktigaste for meg er faktisk «kvardagspolitikken» og kvardagen til meg, deg og våre, dette måler vi på korleis VI har det.
Akkurat no bekymrer det meg aller mest at her i landet er det alt for mange som har gløymt at vi har bygd opp vårt lande gjennom generasjonar, gjennom hardt arbeide, verdiskaping, privat næringsliv, og tjene pengane før vi brukte desse.
Såleis har vi skapt vårt flotte land, vår kystnære industri, maritim og marine næringar, fiskeri, bygg og anlegg, industri, vårt samla næringsliv og vårt flotte samfunn.
Eg brukar ofte å spørje offentlige tilsette om dei forstår kven som har betalt løna deira?
Det offentlige forbruker, forbruker verdiane vårt samfunn skaper gjennom privat næringsliv og næringsaktivitet landet over, for å skape offentlig velferd, sjølvsagt viktig nok.
Bevares, heilt fundamentalt viktige tjenester til oss alle innan sjukehus, helse, skule , forsvar, kommunale tjenester, samferdsel osv. Ikkje misforstå, offentleg tjenesteproduksjon er sjølvsagt heilt nødvendig, men nokon må faktisk skape verdiane for å kunne bruke pengar på offentlig tjenesteproduksjon.
Men, kvar har respekten for dei som skapar verdiane her i landet blitt av? For næringslivet, industrien, privat næringsliv landet over som skaper verdiane som deretter kan vidareføres til offentlig velferd?
Hardt arbeide, sundt bondevett der ein tjener pengane før ein forbruker desse, har bygd vårt land.
Dette er grunnlaget for vår velferd, vår rikdom som andre land misunner oss ,
Ikkje pga byråkrati, offentlig forbruk og slett ikkje gjennom betydelige skattar og avgifter mange her i landet ikkje forstår grunngjevinga for, i eit land som vasser i pengar.
Ingen forstår kvifor regjeringa i verdas rikaste land ser ut til å ha ein konkurranse i å gjere kvardagen til vanlige folk og næringslivet vanskeligst mulig her langt mot nord, i eit land med nok av ulemper.
Møre og Romsdal som er landets største eksportfylke, har ekstremt mykje næringsverksemd og stort sett har vore med på å finansiere store delar av den norske stat og resten av landet.
Korleis har dette skjedd?
Ja, tusenvis av gründere har starta opp med to tomme hender, mange utan utdanning, men med fantastiske evner, og har skapt små og store bedrifter samt milliardbedrifter. Satset gård og grunn, nokon har lukkast, svært mange det stikk motsette.
Der er ikkje klima og miljøfanatikara eller nokre pilspissleitara i Miljødirektoratet i Oslo, eller på Molde ved Statsforvaltaren som har skapt desse verdiane.
Eg, vi uansett kjempe for det eg trur på, og eg trur at næringspolitikken må høgare fram i pannebrasken på våre folkevalgte på Stortinget, og at respekta for privat næringsliv og for dei som faktisk har bygd dette landet blir gjenreist.
Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no
Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no
Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal