Herold

Kommunen har sendt ut kokevarsel

Plus
Kilde: Vaksdalposten Author: Esben Hesjedal Published: 2026-05-05 08:40:17
Kommunen har sendt ut kokevarsel

Tysdag melder Vaksdal kommune at det er sendt ut kokevarsel for Botnavegen, Brualeitet og Krekane pÄ Vaksdal i samband med vassleidningsbrot i bygda.

Vaksdal kommune opplyste mÄndag fÞremiddag at det var ein pÄgÄande vasslekkasje i omrÄdet Botnavegen, Brualeitet og Krekane.

Tysdag jobbar ein framleis med saka.

- Det vert framleis arbeidd med Ä finna lekkasjen pÄ Vaksdal. Kommunen har fÄtt ekstern hjelp i sÞkjearbeidet. Nokre abonnentar fekk vatnet tilbake etter at det var stengt natt til tysdag, men arbeidet er ikkje ferdig, opplyser kommunen.

Det er sendt ut kokevarsel, og kommunen har varsla rÄka husstandar. Dette gjeld ikkje heile vaksdalsbygda, berre Botnavegen, Brualeitet og Krekane.

- Folk i dei berÞrte omrÄda mÄ koka alt drikkevatn og vatn som vert brukt til matlaging. Kokevarselet gjeld fram til kommunen har fÄtt svar pÄ vassprÞvene frÄ laboratoriet og har vurdert resultata. Kommunen sender ei ny melding nÄr kokevarselet er oppheva. NÄr vatnet kjem tilbake, mÄ ein spyla ut vatn pÄ det lÄgaste punktet i huset til vatnet er klart, heiter det i meldinga frÄ kommunen.

Vasslekkasje pÄ Vaksdal

đŸ·ïž Extracted Entities (4)

Vaksdal (place) Botnavegen (entity) Brualeitet (entity) Krekane (entity)