Herold

Onsdag blir det fullt av politibilar, ambulansar og brannbilar i Sogndal

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Wenche Schanke Eikum Published: 2026-05-05 17:02:30
Onsdag blir det fullt av politibilar, ambulansar og brannbilar i Sogndal

Det er ingen grunn til panikk om du skulle høyra både smell og sjå blålys ved Sogndal vidaregåande skule onsdag.

Det er nemleg del av ei PLIVO- øving. Det vil seia at naudetatane i Sogn øver på hendingar med pågåande livstruande vald.

– Alle naudetatane er med, og dei kjem til å halda på frå klokka 16 til 21 onsdag, fortel Steinar Hausvik hjå operasjonssentralen til Vest politidistrikt.

Samarbeidsøvinga mellom politiet, helse og brannvesenet gjer at folk kjem til å sjå fleire utrykkingskøyretøy i området ved skulen.

Røyk og smell

Folk kan også koma til å sjå røyk og høyra smell frå skulen. Men det er altså ingen grunn til uro.

– Øvingane starta i Førde måndag og tysdag, held fram i Sogndal onsdag, og så vert det ei tilsvarande øving for naudetatane på Nordfjordeid på torsdag, fortel Hausvik.

🏷️ Extracted Entities (7)

Sogndal (place) Steinar Hausvik (person) Førde (entity) Nordfjordeid (entity) PLIVO (entity) Sogn (entity) Vest (entity)