Herold

Stoppa støyande køyretøy med sota ruter og dårlege dekk

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Silje Vindedal Published: 2026-05-06 05:27:41
Stoppa støyande køyretøy med sota ruter og dårlege dekk

Det vart avdekt ei rekkje manglar under trafikkontrollar i Sogndal og Lærdal tysdag kveld.

I Sogndal vart det delt ut kontrollsetel til ein førar av ein personbil. Bilen hadde oljelekkasje frå motoren og lekkasje frå eksosanlegget.

For ein annan bilist enda kontrollen med bruksforbod då bilen hadde mørk folie på siderutene. Folien måtte fjernast på staden før køyreturen kunne halda fram.

Kontrollørane oppdaga også høgt støynivå frå køyretøyet grunna frieksos. Føraren fekk i tillegg gebyr for å ha køyrd med to dekk under minimumskravet og for diverse lysfeil.

På Håbakken i Lærdal vart to vogntog stoppa for å ha køyrd med for tung last. Det eine vogntoget hadde teknisk overlast på ein aksel på slepevogna, medan det andre var overlasta på sjølve trekkbilen.

Begge fekk bruksforbod på staden og måtte lasta om til lovleg vekt før dei fekk køyra vidare. Transportføretaket til sistnemnde vogntog vart også ilagt eit overlastgebyr.

Under kontrollen i Lærdal vart det også oppdaga bort på køyre- og kviletidsregelverket. Ein førar av eit vogntog fekk gebyr for brot på desse reglane.

Ein annan vogntogførar slapp unna med ei åtvaring for eit mindre brot på det same regelverket. Det vanka samstundes eit gebyr fordi tre av dekka på køyretøyet var slitne.

🏷️ Extracted Entities (3)

Lærdal (place) Sogndal (place) Håbakken (entity)