Herold

– Når desse båtane er ferdige, har vi vist kva norsk verftsindustri kan få til i verdstoppen

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Cassandra Grundtvig Jespersen Published: 2026-05-05 22:05:00
– Når desse båtane er ferdige, har vi vist kva norsk verftsindustri kan få til i verdstoppen

Kvinnherad-selskapet Herde Kompositt er i gang med bygginga av «verdas mest effektive batteridrivne passasjerbåtar».

Det skriv Brim Explorer i ei pressemelding 4. mai. Brim Explorer er eit reiselivs- og teknologiselskap som sidan oppstarten i 2018 har utvikla og bygd fem elektriske og hybridelektriske båtar til turisme.

No er bygginga av dei neste – to heilelektriske høghastigheitstrimaranar – i gang, og det skjer ved Herde Kompositt på Årsnes i Kvinnherad.

Båtane, som skal brukast til sightseeing-, kvalsafari- og middagsturar på norskekysten vil, ifølge Brim Explorer, vera verdas mest effektive batteridrivne passasjerbåtar når dei står klare våren 2027.

«Det er noko heilt spesielt å sjå ein båt ta form på verftet. Særleg når det er noko så banebrytande som dette. Det vi gjer her er heilt unikt», seier teknologisjef og gründer Espen Larsen-Hakkebo i Brim Explorer i pressemeldinga.

– Vekt er alt

Skroga, som er det Herde Kompositt skal levera, skal bli bygde i kompositt for å halda vekta nede, noko som er ein føresetnad for at båtane «skal klara noko ingen batteridrivne passasjerbåtar har klart tidlegare». Med det peikar selskapet på målet om å kunna segla 100 nautiske mil i 20 knops fart utan å lada.

«Vekt er alt når du skal kombinera nullutslepp, høg fart og lang rekkevidde. Kvar einaste kilo vi sparar i skroget, gir oss lengre rekkevidde med batteri. Det er derfor kompositt er riktig val, og det er derfor vi har valt å bygga hos Herde Kompositt her i Noreg», seier Larsen-Hakkebo.

– Krevjande

Audun Andreas Dahl, dagleg leiar i Herde Kompositt, skildrar arbeidet som krevjande.

«Vi er godt i gang, og produksjonen går etter plan. Det er eit krevjande prosjekt med ekstreme krav til både materialar og presisjon, men vi har teamet og kompetansen til å levera. Når desse båtane er ferdige, har vi vist kva norsk verftsindustri kan få til i verdstoppen», seier Dahl i pressemeldinga.

Når skroga er ferdige bygde på Årsnes, vil dei bli frakta vidare til Horten Skipsreparasjoner for systemintegrasjon og interiørarbeid.

«Den samla investeringa er i storleiksorden 200 millionar kroner og er den største nokosinne for Brim Explorer. Prosjektet har fått 40 millionar kroner i støtte frå Enova og vil sysselsetta om lag 50 personar i Hardanger og Horten», står det i pressemeldinga.

🏷️ Extracted Entities (7)

Brim Explorer (person) Herde Kompositt (person) Audun Andreas Dahl (person) Espen Larsen-Hakkebo (person) Årsnes (place) Horten Skipsreparasjoner (organization) Kvinnherad (entity)