Halsnøytunet og Halsnøysona si framtid
Plus
28. april 2026 var det folkemøte på Halsnøy Kulturhus vedk. Halsnøytunet. Det store frammøtet viste engasjementet og uroa over kva funksjon Halsnøytunet skal ha.
Personane som var i nemnda for arrangementet, fortener stor takk for ærleg og god informasjon.
Det same til Optimisten, som alltid yter stor innsats for å skapa glede og trivsel.
Kvinnherad kommune scorar visst høgt når det gjeld eldreomsorg. Men korleis er dette fordelt i vår langstrakte kommune? Korleis er ressursane fordelte mellom dei ulike sjukeheimane/tuna? På Halsnøytunet er fysioterapi-stillinga vekke. Der er ikkje sjukepleiar på nattevakt. Kjøkenet er strippa for det meste av utstyr.
Kvifor sluttar så mange av personalet og går til andre arbeidsplassar? Er administrasjonen slik at personalet ikkje kjenner seg verdsett og trygge? Kor mykje av arbeidstida skal gå med til møte, i staden for nærleik, kommunikasjon og aktivitet med bebuarane?
Nedbygginga av denne sektoren på Halsnøy starta for alvor då dåverande ordførar såg det slik at rike Kvinnherad kommune ikkje burde støtta bedrifta Dill me dei få kronene dei bad om i ei vanskeleg tid. Varaordførar skreiv; «Dei har jo Fjordland». Fjorland sine middagar har me framleis, men ikkje dei arbeidsplassane som forsvann. Men alle dei frivillige personane som fann meining og glede ved å skapa verdi, omsorg og tryggleik ved besøk og utkøyring av mat, og møteplassen Dill, er ikkje med i Fjordland sitt budsjett og omtanke.
For å visa kor dårleg det stod til med bygningsmassen på Halsnøytunet, vart Norconsult leigd inn, sjølvsagt ikkje gratis. Heldigvis er her dyktige og kunnskapsrike personar på Halsnøy, som kunne tilbakevisa og justera påstandane frå Norconsult (sjå lesarinnlegget til Aage Fjelland frå november 2025). Leiarane i øvste sjikt i pleie/omsorgsfeltet må tydelegvis også ha stillingar som «rådgjevarar» og i dag. Kanskje det er på tide at dei same leiarane bør innsjå at her er personar med kompetanse og innsikt som med fordel kunne vore brukt utan store kommunale utgifter?
No har me høyrt nok skremselspropaganda om korleis det vil verta i framtida med for lite personar og for få hender til å ta seg av dei som i høg alder vert sjuke og hjelpetrengande. Til noverande politikarar og leiarar; Spør heller «Korleis kan me visa og formidla at dette feltet/faget er svært gjevande og utviklande?» Men det krev også; Sjå og høyr på den kompetansen og dei ærlege svara de får frå personalet – dersom dei vågar å svara ærleg. Og til dei som har ansvaret ved tilsetjing av leiarar; Spør ikkje berre etter alle «gradene» dei har i teoretisk utdanning. Spør, og få fram, korleis dei vil ivareta og utvikla personalet/faget for å ivareta det praktiske arbeidet som må til for å ivareta oss når me vert så gamle og hjelpetrengande at me dessverre må bruka av Kvinnherad kommune sitt budsjett.
På folkemøtet 28.04.26, vart det stilt spørsmål til ordføraren om han kunne fastslå at Halsnøytunet skulle vera sjukeheim også i framtida. Svaret frå ordførar var; «Ja – og kanskje endå betre». Dersom ordføraren og dei av politikarane som er einige med han vil at me skal tru på det, bør dei med éin gong fortelja leiarane i øvste sjikt i pleie/omsorgsfeltet med tydelege ord kva som er lova. Politikarane avgjer. De bør setja dykk inn i kva funksjonar som må til for at Halsnøytunet og Halsnøysona skal vera ein trygg stad i framtida.