Herold

Lova som skal verne folket kring fjorden mot smitte

Plus
Kilde: Firda Author: Preben Aavitsland, Professor, Pandemisenteret ved Universitetet i Bergen Published: 2026-05-05 13:29:58
Lova som skal verne folket kring fjorden mot smitte

Historia om smittsame sjukdomar er ei positiv forteljing om sjukdomar som nesten forsvann etter kvart som folk fekk betre mat, trygt drikkevatn, sÄpe, romslegare husvÊre og etter kvart vaksinar og antibiotika.

Men ho er ĂČg forteljinga om utstĂžyting og mishandling. Ingen stader i landet har ei mĂžrkare historie pĂ„ dette feltet enn Sunnfjord. For her var spedalskheit – lepra – nesten ein folkesjukdom. Nokre stader hadde ein av tjue innbyggjarar den fĂŠle sjukdomen, ei tal som lĂ„g himmelhĂžgt over talet pĂ„ SĂžrlandet og Austlandet.

Etter at Gerhard Armauer Hansen for 153 Är sidan synte at lepra var smittsamt, vart tilhÞva verre for pasientane. Dei vart utstÞytte og frykta i lokalsamfunnet. Armauer Hansen fekk Stortinget med pÄ ei ny lov som gjorde at leprapasientane kunne tvingast inn pÄ pleieheimar der dei kunne leve sÄ godt og verdig som mogleg til dei dÞydde, men utan Ä smitte andre. Gjennom nokre tiÄr vart over hundre smitta sunnfjordingar flytta frÄ heimane sine til St. JÞrgens Hospital og Pleiestiftelsen i Bergen.

Historia om lepra er altsÄ historia om tilhÞvet mellom smittsame pasientar og alle dei andre. Kor langt kan samfunnet gÄ for Ä verne seg mot smitten?

Smittevernlova frÄ 1995 kom til etter at samfunnet kjende seg truga av ein annan sjukdom, nemleg aids. Lova freista Ä verne samfunnet mot smittsame sjukdommar samstundes som dei smitta pasientane mÄtte behalde sine menneskerettar.

Lova fungerte veldig godt i 25 Ă„r. Heimlane for inngripande tiltak vart nesten aldri nytta. Lova vart eigentleg ikkje sett pĂ„ prĂžve fĂžr i byrjinga av 2020 dĂ„ ein ny sjukdom – covid-19 – kom til Norge. Det gjekk ikkje berre bra.

Etter mitt syn var desse dei stĂžrste feilgrepa i 2020:

  • Regjeringa var lenge altfor passiv. Alle visste at pandemien var pĂ„ veg til Norge, men lite skjedde i Oslo fĂžr panikken rĂ„ka styresmaktene 12. mars, og helsedirektĂžren brĂ„tt stengde landet for Ă„ stoppe epidemien.
  • I mangel av ein nasjonal strategi hadde somme kommunar sett i verk tiltak fĂžr 12. mars. Skuler og kommunegrenser vart stengde i frykt for epidemien som var pĂ„ veg. Det vart kaotisk og ukoordinert, og staten vart sett under press.
  • DĂ„ fĂžrst regjeringa kom pĂ„ banen, mangla ein klar og langsiktig strategi. Strategien kom fyrst 7. mai, og dĂ„ var mĂ„let Ă„ halde epidemien «under kontroll». (I Australia var ein nasjonal strategi klar allereie 18. februar.)
  • Regjeringa vedtok ei forskrift om at ein smitta person kunne fĂ„ eit halvt Ă„rs fengsel for ikkje Ă„ isolere seg. I eit land som Norge hadde det vert nok Ă„ tilrĂ„ utan Ă„ truge med politiet.
  • Regjeringa la altfor stor vekt pĂ„ svĂŠrt dyre grensetiltak. Det var nesten som om «importsmitte» var noko annleis og farlegare enn det innanlandske koronaviruset. Koronakommisjonen kritiserte desse tiltaka og mistenkte at dei vart innfĂžrte for Ă„ syne handlekraft.

Den 12. mars 2020 valde styresmaktene ei fĂžre var-tilnĂŠrming i mĂžtet med covid-19: slĂ„ til hardt fyrst og juster heller i etterhand. SjĂžlve vedtaket helsedirektĂžren gjorde den dagen om stenging av barnehagar, skuler, teater og mykje meir hadde ei tynn grunngjeving pĂ„ berre 284 ord (under halvparten av teksten du les no). HelsedirektĂžren kunne etter Grunnlova ikkje vedta noko sĂ„nt, det kunne berre Kongen i statsrĂ„d. Eit problem med fĂžre var-tilnĂŠrminga er at ho kan prege den etterfĂžlgande handteringa; det vert vanskeleg Ă„ gĂ„ attende. Ei slik tilnĂŠrming kan ĂČg verte eit pĂ„skot for ikkje Ă„ vege fordelar mot ulemper.

Alternativet til fÞre var-tilnÊrminga er ei tilnÊrming som tek utgangspunkt i menneskerettane. Forholdsmessigheitsprinsippet seier at det skal vere eit rimeleg forhold mellom trusselen og tiltak som innskrenkar fridomen. Styresmaktene mÄ altsÄ vurdere dette forholdet, grunngjeve tiltaka og dokumentere vurderingane og grunngjevingane. Eigentleg har smittevernlova kravd dette heile tida, men lovframlegget tydeleggjer krava til slike vedtak i framtida.

Med rÞynslene frÄ pandemien i minne har regjeringa no hatt pÄ hÞyring ei ny smittevernlov. Lova skal verte tydelegare og gjere feilbruk vanskelegare. Ved Pandemisenteret pÄ UiB har vi lenge lagt til rette for tverrfaglege diskusjonar om lova, og vi har skrive hÞyringssvar.

Lovframlegget flyttar makta frÄ helsedirektÞren til regjeringa. Det er bra, sÄnn at det politiske ansvaret vert tydeleg. Vidare skal staten betre kunne styre den lokale handteringa. Nokre gonger kan det vere greitt med ulike tiltak i kommunar, men variasjonen mÄ vere i trÄd med ein nasjonal strategi. Elles mÄ staten kunne overstyre kommunen.

Framlegget legg bort portforbod og vaksinasjonspÄbod. Det er bra; det er tiltak vi aldri vil trenge. Eg vonar at den endelege lova hevar terskelen for Ä innfÞre grensetiltak. Dei er generelt lite nyttige, men svÊrt dyre. Dei innskrenkar fridomen, og dei rÄkar mange verksemder som treng gjestearbeidarar.

Den nye smittevernlova ser ut til Ä bli betre. Styresmaktene skal framleis kunne handtere alvorlege epidemiar, men dei mÄ gjere skikkelege vurderingar og dokumentere dei. Det er nett det vi treng nÄr smittefrykta grip folk og fut kring fjorden og andre stader.

đŸ·ïž Extracted Entities (16)

Norge (entity) Gerhard Armauer Hansen (person) Austlandet (entity) Australia (entity) Bergen (entity) Grunnlova (entity) JĂžrgens Hospital (organization) Kongen (entity) Oslo (place) Pandemisenteret (entity) Pleiestiftelsen (entity) St (entity) Stortinget (entity) Sunnfjord (place) SĂžrlandet (entity) UiB (entity)