Levande bygder!
Plus
Det er med undring ein les vedtaket frå Sunnfjord kommune om å flytte barnehagen i Viksdalen til skulen.
Rasa: Flyttar barnehagen i Viksdalen
Barnehagen held til no til i eit godt eigna lokal med godt uteområde, mykje gjort med dugnadsinnsats her.
Ved å flytte den til skulen må store endringar til. Skal ungdomsskule og barnehage dele uteområde må mykje ordnast.
Det er og krav til inneområde om barnehagen skal få plass der. Som til dømes våtromsplass, stilleområde m.m.
Barnehage omådet vert då ståande tomt. På skulen må ein inn med nye investeringar.
Har Sunnfjord kommune gjort ei god vurdering på den økonomiske innsparinga, eller er dette noko de gjer for å syne handlekraft ?
Viksdalen er ei god bygd å bu i med mange tilbod både for barn , unge og eldre. Mykje av dette er bygd opp med dugnad og frivillig arbeid.
Ved stadig vekk å plukke på desse tilboda, er det ei utarming av bygda.
Når Sunnfjord kommune kjem med fagre ord om å ta heile kommunen i bruk er dette noko som ikkje stemmer for oss som bur i distrikta.
Så kjære Sunnfjord kommune syn i handling kva de tenkjer om dette.
Heia Viksdalen!