Bemanningskutt har redusert kvaliteten på bustadtenesta i Kinn
Plus
Redusert kapasitet har svekka bustadtenesta, ført til lengre sakshandsamingstid og mindre oppfølging av leigetakarar, særleg dei med samansette behov.
Det er del av konklusjonane til Agenda Kaupang, som analalyserte situasjonen for den sosiale bustadforvaltninga i Kinn i fjor.
Personavhengig
Bakgrunnen er redusert bemanning og omstillingskrav som krev samhandling om oppgåver, ansvar og organisering, samt samspel med andre tenester som innan omsorg, rus/psykiatri. Undersøkinga brukte fokusgruppeintervju, erfaringar frå andre kommunar og KOSTRA-data.
På den positive sida noterer Agenda Kaupang at etableringa av Bustadkontoret har styrkt kvaliteten ved at sakshandsaminga er blitt meir ryddig.
Men, redusert kapasitet har svekka tenesta og det manglar ein heilskapleg bustadstrategi og klare tildelingskriterium. Samarbeid med andre tenester er ofte personavhengig og manglar faste strukturar.
Kinn har mange kommunale bustader, men brukar Husbankens verkemiddel i mindre grad. Reduksjonar i vedlikehald på eigedommane kan òg få langsiktige negative konsekvensar.
Forslag til forbetring
Rapporten foreslår å utarbeide og politisk forankre tildelingskriterium og ein heilskapleg bustadstrategi. Vidare tilrår Agenda Kaupang å etablere ei fast tverrfagleg koordineringsgruppe, og dessutan tydeleggjere roller og ansvar mellom Bustadkontoret og andre tenester som NAV og helse/omsorg, Målet bør vere å få til «pakkeforløp» for ulike målgrupper.
Viktige råd til Kinn kommune vidare er å tilpasse bustadporteføljen for berekraftig vedlikehald, innføre systematisk oppfølging av leigetakarar og styrke bruken av styringsdata for kontinuerleg evaluering og forbetring.
Desse tiltaka skal sikre eit meir koordinert, målretta og berekraftig bustadarbeid, styrke kvaliteten og utnytte ressursane betre, i tråd med kommunens mål om inkludering og gode levekår. Det store spørsmålet rapporten ikkje gir eit svar på, er korleis dette skal gjerast samstundes som ein kuttar tal tilsette.