Herold

Vil ha 16-årsgrense på elsparkesykkel: – Ulykker og åtferd vi ikkje ønskjer

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Tom Erik Rønningen Published: 2026-05-05 20:00:00
Vil ha 16-årsgrense på elsparkesykkel: – Ulykker og åtferd vi ikkje ønskjer

UP fryktar nye alvorlege ulykker på elsparkesyklar, og Trygg Trafikk meiner det er på tide med høgare aldersgrense.

TØNSBERGS BLAD: På få år har det vore ei eksplosiv auking i talet på elsparkesyklar ute i trafikken. Det har ført med seg ei rekkje problem og ført til mange uhell og ulykker.

– Har ikkje forståinga

Aldersgrensa på elsparkesyklar er 12 år, og maks tillaten fart er 20 km/t. Eitt av dei store problema er at mange vel å trimme sparkesyklane til å gå mykje fortare enn tillate.

– Vi fryktar alvorlege ulykker med barn og unge. På få år ser vi ei ny gruppe i trafikken som vi ikkje har sett tidlegare, nemleg barn og unge frå tolv år på elektrisk sparkesykkel, seier politioverbetjent Adrian Hegge i Utrykkingspolitiet (UP) og legg til:

– Dei kjem inn i trafikken utan dei føresetnadene som alle med køyreopplæring har. Dei har heller ikkje forståinga og grunnprinsippa inne, og heller ikkje den fysiske utviklinga, forklarer Hegge.

Meiner 16-årsgrense vil ha god effekt

Med enkle grep kan elsparkesyklane gå mykje fortare enn det som er lovleg. Heilt opp mot 100 kilometer i timen.

Trygg Trafikk meiner auka aldersgrense er nødvendig for å betre situasjonen.

– Vi ønskjer høgare aldersgrense. Derfor har vi spelt inn eit framlegg om at det bør vere 16-årsgrense på elsparkesyklar. Du skal vere ganske observant og moden for å kunne handtere eit slikt køyrety. Så det er litt betenkjeleg at du kan køyre rundt i så ung alder i ein så høg fart som det faktisk blir gjort no, seier Unni Knutli i Trygg Trafikk.

– Har de trua på at det vil bli færre ulykker med 16-årsgrense?

– Det er verdt eit forsøk i alle fall. Eg tenkjer også at 16-åringar har meir trafikkerfaring, og det er kjempeviktig, meiner Knutli.

Ber foreldre vere på vakt

Låg aldersgrense, kombinert med elsparkesyklar som er enkle å trimme, har ført til hovudbry for styresmaktene. Derfor har UP, Trygg Trafikk og Vestfold fylkeskommune starta eit samarbeid for å nå ut med god og viktig informasjon til dei unge og dei føresette deira.

– Foreldre må vere obs på kva poden faktisk køyrer rundt på. Til hausten ønskjer vi å gå ut mot skulane for å informere, seier regionleiar Unni Knutli i Trygg Trafikk.

– Vi ser på moglegheita for å nå ut til foreldra med ein opplæringsvideo, der vi vil gå gjennom ulike punkt. Alt frå regelverk til ulovleg trimming, og ikkje minst kor viktig det er at elsparkesykkelen er forsikra, supplerer Adrian Hegge i politiet.

– Vil dette hjelpe?

– Eg håpar det. Vi er nøyde til å begynne ein stad. Vi har sett ei eksplosiv auking i talet på sparkesyklar. Det blir berekna at det er ein stad mellom 500 000 og 700 000 privateigde elektriske sparkesyklar i Noreg. I tillegg kan vi leggje på utleigesyklane. På få år har ei heilt ny trafikkgruppe teke veldig mykje plass i trafikken, og vi ser også at utfordringane melder seg med ulykker og åtferd som vi ikkje ønskjer, fortel Hegge.

🏷️ Extracted Entities (6)

Adrian Hegge (person) Trygg Trafikk (organization) Unni Knutli (person) Utrykkingspolitiet UP (organization) Noreg (entity) Vestfold (entity)