Herold

Gunn Eva skapar trekunst i Donkedalen: – Det eg har av idear må ut av hovudet

Plus
Kilde: Drangedalsposten Author: Else Børte Published: 2026-05-05 13:00:00
Gunn Eva skapar trekunst i Donkedalen: – Det eg har av idear må ut av hovudet

Har du sett dei? Motorsyklane som står parkert på veg opp på Fjågesundheia. Dei er Gunn Eva Rosland sine.

Med blomar og intrikate detaljar, som kickstartar, har Eva laga ein mc-velkomst av tømmerstokkar og flittig handverk ved snikkarverkstaden sin på Kåsene i Donkedalen.

– Det eg har av idear må ut av hovudet. Om eg har sett for meg eit bilde, så byrjar eg bare å jobbe på.

Snart på plass: – Smertefullt å sitte og vente

Eiga verd ved vasskanten

Kreativiteten har blitt til både postkasser, katte- og bikkjehus, benkar, julepynt og nå motorsyklar – men også ei heilt eiga verd ved Nordbøelva i Donkedalen. Her har Gunn Eva snikra både klopper, brygge og møblar.

Bru over elva er neste prosjekt. I solskin, fuglekvitter og elvebrus syner Gunn Eva fram rekreasjonsplassen sin. Den likar også forbipasserande å ta seg ein kvil ved.

Gunn Evas verd

Fleire kattehus og motorsyklar til familien

Gunn Eva, som før ho blei pensjonist jobba på Drangedal legesenter, brukar som regel bare å lage ein av kvar ting. Oppe i snikkarverkstaden står det eit stort og flott kattehus.

Kattehuset høyrer til unntaket og har blitt laga fleire av – akkurat som med motorsyklane.

– Det blei litt fleire motorsyklar også. Nå skal eg lage ein til bror min Jan Gunnar, som han skal ha på plassen der han har campingvogna sin.

Bikkjehuset til Gunn Eva og mannens collie-hund Lassie er det bare blitt eit av.

Lærer av å prøve og feile

– Kor har du lært deg å snikre?

– Ingen plass. Det har bare kome av seg sjølv. Eg har prøva og feila mange gonger. Det er det du lærer av.

Men det er ikkje bare snikring det går i, Gunn Eva både strikkar og heklar også. Før me går ned til Gunn Evas verd lenger nede på eigedomen spør Drangedalsposten kva me får sjå ved elva.

– Du må bare sjå det! Det går ikkje an å forklare, smiler Gunn Eva.

Kreativitet og skaparglede

I enden av kloppene har ho bygd ein platting med krakkar, bord og eit bitte lite vedskjul. Her tek me ein prat til.

– Eg vil lage til litt dyrefigurar og setje ut her. Eg får sjå kva eg får ut av materiale eg finn i skogen. Kreativiteten som skapar ting ut av ideane mine gjev meg glede. Men det tek mykje tid.

– Kva seier mannen din Odd om alle desse kreative kreasjonane?

– Mannen min let meg lage akkurat kva eg vil. Han har veden sin å halde på med, smiler Gunn Eva.

Is-feber hos Annastasiia og Lisbeth i Tørdal: – Issalet går opp når det er varmt

🏷️ Extracted Entities (13)

Gunn Eva Rosland (person) Donkedalen (entity) Annastasiia (entity) Drangedal (place) Eva (entity) Fjågesundheia (entity) Jan Gunnar (person) Kåsene (entity) Lassie (entity) Lisbeth (entity) Nordbøelva (entity) Odd (entity) Tørdal (place)