Herold

Går ut med namnet på den omkomne MC-føraren

Plus
Kilde: NH Author: Ole Jacob Riise Strønen Published: 2026-05-05 14:09:11
Går ut med namnet på den omkomne MC-føraren

I ei pressemelding tysdag klokka 16:00 offentleggjer Vest politidistrikt namnet til den omkomne MC-føraren etter ulykka på Radøyvegen søndag 3. mai.

Det var 59-åringen Paal Stenstvedt, busett i Austrheim kommune, som omkom i ulykka.

– Namnet blir frigjort i samråd med familien, skriv kommunikasjonsrådgjevar i Vest politidistrikt Gry Halseth.

Naudetatane fekk melding om ei trafikkulykke på Radøyvegen klokka 17:25 søndag 3. mai. Alle naudetatar rykte ut til staden. Ein motorsykklist, som var del av eit lite følgje med motorsyklar, hadde krasja med autovernet.

Livet stod ikkje til å redde.

Det er Nordhordland politistasjonsdistrikt som etterforskar dødsulykka.

Mann omkom i motorsykkelulykke

🏷️ Extracted Entities (7)

MC (entity) Radøyvegen (entity) Vest (entity) Austrheim (place) Gry Halseth (person) Nordhordland (place) Paal Stenstvedt (person)