Dårleg påskevêr, elles april på det jamne
Plus
Månaden var 1–2 grader mildare enn normalt over heile Valdres, og det kom noko meir nedbør enn vanleg – bortsett frå på Filefjell, som fekk berre «halv dose».
VALDRES: «Aprilvêr» er elles gjerne eit folkeleg uttrykk for mange og snøgge skiftingar i vêret, noko vi ofte opplever når vinter er i ferd med å sleppe taket til fordel for vår.
Slik var det også i år, det kom tydeleg fram då Valdresflyvegen måtte stenge att meste av påska grunna nysnø og vind.
Mildt
Då april kom hadde vi bak oss iskalde januar og februar – og ein ekstra mild mars månad. Apriltemperaturane vart også til å leve med.
På Fagernes var snittet 4,3 grader, det er 1,5 grader høgare enn normalt. Filefjell hadde -0,2 grader som snitt, 1,7 grader over det normale. Både på Heggenes (3,3 grader) og på Beitostølen (0,6 grader) var april rundt ein grad mildare enn normalen.
Gjennom nesten heile månaden var det jamt litt mildare enn normalt. Noko avvik frå dette var det likevel. Til dømes hadde Heggenes ein ekstra varm og solrik dag 1. april, men alt dagen etter og resten av påska var det ein god del kaldare enn normalt, og det skya kraftig til.
I løpet av påskeaftan og 1. påskedag kom det nesten 30 centimeter nysnø på Heggenes, det var lite som minte om vår!
Solrik avslutning
Med få unntak var det lite sol å sjå frå starten heilt fram til 20. april, men resten av dagane var ganske så solrike. I tillegg var det denne perioden gode temperaturar på dagtid, ikkje minst dei to-tre siste dagane.
Både Fagernes og Heggenes hadde oppi 18–19 grader i løpet av 30. april.
Meir nedbør
Snøfallet i påska, og regnet helga 18.–19. april, gjorde at totalnedbøren i april vart godt over normalen i det meste av Valdres. Mest fekk Beitostølen, med 59 millimeter (normalt 41 mm). På Heggenes kom det 49 millimeter (31 mm) og på Fagernes 38 millimeter (27 mm).
Unntaket var Filefjell, som fekk berre 16 millimeter, akkurat halvparten av det normale. Årsaka er at området ligg så langt mot vest at det ofte blir prega av vêret vestfrå.
Ved inngangen til mai kan vi slå fast at isen har gått eller er i ferd med å gå på mange vatn, og at bjørka er på spranget til å bli grøn.
At det framleis er mykje snø i høgfjellet er fint for dei som er opptekne av det, men i bygdene er det vår på gang – sjølv om vi framleis må tole kald vind.