Herold

Nils har vore brannmann i snart 30 år, men helga gjorde inntrykk: – Har aldri vore med på liknande

Plus
Kilde: NH Author: Ole Jacob Riise Strønen Published: 2026-05-05 19:00:00
Nils har vore brannmann i snart 30 år, men helga gjorde inntrykk: – Har aldri vore med på liknande

Innsatsleiaren var ikkje sikker på at det kom til å gå bra. Men det gjorde det.

– Eg har aldri vore med på ein brann der vi må evakuere 31 bustadar før, seier innsatsleiar i Nordhordland brann og redning Nils Medaas til NH.

I 2027 er det 30 år sidan han byrja som røykdykkar ved stasjonen på Lindås.

Og gjennom dei tre tiåra har han ikkje opplevd ei så omfattande evakuering som naudetatane måtte ty til i helga.

– Brannen spreia seg så raskt.

Årsaka til dette var tørre forhold og den kraftige vinden.

Brannmannskap frå Knarvik, Manger, Mastrevik og Åsane rykte ut til Leknes for å få bukt med flammane. I tillegg blei både helikopter og brannbåten frå Bergen sende ut.

– Sløkkinga frå sjøen blei utruleg effektiv med vinden i ryggen. Røde Kors hadde termiske kamera på dronen sin, og kunne sjå hot-spots som vi kunne sløkke i tillegg.

Dette gav også brannvesenet god kontroll etter brannen var sløkt.

– Det var eit voldsomt oppbod, fortel innsatsleiaren.

– Det er farleg med den sterke vinden

Tobias ringde inn om brannen: – Det var litt ekkelt

Kunne slukt skulen

Fredag 1. mai rykte Nordhordland brann og redning ut til Leknes i Alver kommune. Tobias Dragøy var ein av dei første som oppdaga brannen rundt klokka 15:10.

– Eg var heime og så kjente eg røyklukta, fortalde han til NH på tidspunktet.

Han bur eit av husa som ligg nærmast inn mot brannstaden, nokre hundre meter frå Leknes skule.

Grunna kraftig vind og fare for vidare spreiing til nabolaget, valde politiet og brannvesenet å evakuere 31 bustadar i området.

Medaas er takksam for at sløkkinga gjekk så bra som den gjorde. Det hadde nemleg ikkje vore utenkjeleg at brannen slukt Leknes skule, om den hadde spreia seg vidare.

Då klokka nærma seg 17:25 kunne brannvesenet melde at dei hadde kontroll på brannen.

– Tok med katten, familien og det me står og går i

Fekk bryne seg

Nordhordland brann og redning fekk testa heile systemet under skogbrannen på Leknes, fortel Medaas.

– Det var så fart og kraft i den brannen! Den røykla heile bustadfeltet.

Evakueringa starta tidleg, og innbyggjarane blei sende til kommunehuset.

Medaas trur organiseringa med sløkking i ulike teigar og sektorar var ein effektiv måte å kjempe mot flammane, medan brannbåten sløkte frå sjøen. Brannvesenet stilte mannsterke.

– Og vi kvelte brannen til slutt. Rett og slett. Det var litt av eit apparat som tredde i kraft.

Brannen fekk også merksemda til heile det regionale pressekorpset. Medaas stilte opp til pressemøter med lokalaviser, TV2 og NRK Vestland.

– Det var hektisk, oppsummerer han.

– Ungane var redde

Då brannvesenet hadde fått kontroll på brannen var det ikkje mangel på medmenneskelege møte med nabolaget.

– Dei som budde der var så takksame. Dette var jo unge familiar med barn.

Medaas fortel at fleire ungar blei veldig redde av brannen, og at det var ein del tårer etter flammane var sløkte.

– Dei fekk snakke med oss ved brannbilane etterpå. Dei var så nøgde. Og så tilbydde dei oss å bruke toalettane i heimane deira dersom vi måtte på do. Det var rett og slett harmoni. Eg har sjeldan opplevd så mykje hyggeleg på eit sånt oppdrag.

– Eg var fader ikkje sikker på at det kom til å gå bra

Innsatsleiaren fortel at han ikkje trur det var ein enkel faktor som gjorde at brannvesenet klarte å sløkke brannen og skåne nabolaget for flammane.

Det var fleire ting som klaffa.

– Sjøsprøyten hadde så stor slagkraft den dagen. Vinden drog med seg vatnet oppover frå brannbåten. Den var utstyrt med pumpe som saug vatnet opp frå sjøen og sprøyta det innover land.

Medan innsatsen til sjøs gjekk føre seg, jobba brannmannskapa på land med å angripe skogbrannen frå to sider.

– Det var eigentleg det som leia til suksessen. Dette var også ein gammal granskog, og den brenn som bensin, den. Spesielt med den kraftige vinden som var 1. mai.

Men etter kvart avtok vinden og sløkkingsarbeidet førte fram, og kampen var ein suksess.

– Eg var fader ikkje sikker på at det kom til å gå bra. Men det gjorde det. Heldigvis. Det var ein heroisk innsats – vi gav alt.

🏷️ Extracted Entities (14)

Leknes (place) Nils Medaas (person) Nordhordland (place) Alver (entity) Bergen (entity) Knarvik (place) Lindås (place) Manger (entity) Mastrevik (place) NRK Vestland (organization) Røde Kors (person) TV2 (entity) Tobias Dragøy (person) Åsane (entity)