Kvinnherad Breiband – sal eller ikkje sal?
Plus
«Nei til sal av Kvinnherad Breiband» var ein av parolane i årets 1. mai-markering på Husnes. Bak plakaten gjekk fleire noverande og tidlegare medarbeidarar. Naturleg nok kjempar dei for arbeidsplassane, når det no er sett i gang ein prosess, som kan enda med at det veldrivne og lokalt forankra selskapet blir selt til ein større aktør i bransjen.
Det startar ofte med slike utgreiingar når nokon får det for seg at ei kommunal bedrift bør bli vurdert seld for å løysa eit framtidig pengebehov. Ofte endar det dårleg, spesielt i høve til lokale arbeidsplassar på kort og lang sikt. Det har vi til dømes sett etter at Kvinnherad Enrgi kom i spel, og salet av fleire andre ikkje-kommunale verksemder.
Men først av alt: For å unngå å skapa mistillit, eller forakt for politikarane våre, må vi ha forståing for at dei ser seg om etter måtar å finansiera ulike utbyggingsprosjekt på. Det er nok å nemna ny skule på Valen og ny sjukeheim på Husnes. Å greia slike store investeringar utan å låna, er nærast utenkjeleg, men det går ei grense for kor mykje ein kommune kan låna. Så om ikkje storting og regjering kjem på banen med betre økonomiske vilkår for kommunane, er lokalpolitikarane sett i ein skvis. Dei må velja mellom pest og kolera, til dømes ved å selja K-Band, som ei løysing.
Trass i at eg lenge har vore skeptisk til offentleg eigde og drivne bedrifter, ofte styrt av politikarar utan spesiell kompetanse om økonomi og generell forretningsdrift, stiller eg i dag spørsmål ved om det er så smart å selja alt kommunen eig av bedrifter, eller er deleigar i, for å få løyst eit finansieringsbehov. Var det til dømes så lukrativt å selja alle aksjane i Sunnhordland Kraftlag (1997) og Kvinnherad Energi i nyare tid? I 2019 overtok BKK 47 % av verdiane i det kommunale energiverket for kr 125,6 millionar. Og korleis gjekk det med arbeidsplassane i KE? No blir det snakka om at det har forsvunne minst ti personar, inklusiv nokon som har pensjonert seg.
Eit anna døme, som ikkje var politisk bestemt, er salet (fusjonen) av Kvinnherad Sparebank til SR Bank i 2010 for kr 348 mill kroner. Ein tanke bak dette oppkjøpet var å samla kreftene for å styrkja satsinga i Sunnhordland og Odda. Det var venteleg ein heilt nødvendig tanke i ein konkurranseutsett bransje, med prispress på alle baugar og kantar. Men korleis gjekk det med arbeidsplassane og lokalkontora rundt om i kommunen?
Det må likevel seiast at omorganiseringa innan banksektoren her lokalt på fleire måtar har vore positiv for innbyggjarane. For etter salet vart det oppretta ei stifting, som kvart år seinare har betalt ut store summar til ålmennyttige føremål i kommunane Kvinnherad, Odda og Stord, og såleis gagna det frivillige organisasjonslivet i vesentleg grad. Det er det positive, men mange arbeidsplassar i banken er vekke for all tid.
Eit lite privat døme: Då eg selde Kvinnheringen i 1998, var eg bekymra for bortfall av arbeidsplassar. Men eg fekk forsikring om at kjøparen var ein langsiktig eigar, så det kunne eg berre ta med ro. I dag er talet på medarbeidarar i avisa meir enn halvert, etter at arbeidsoppgåver som rekneskap, sal og marknad, samt grafisk produksjon, er borte vekk. Det er sentralisert til andre delar av landet, som eit resultat av korleis eit konsern tenkjer i dag. Marginane blir mindre og mindre, og leiinga må heile tida sjå etter andre måtar å driva på, sjølv om arbeidsplassar forsvinn.
Eg vågar påstanden: Viss politikarane i Kvinnherad sel breibandselskapet vil det same skje her. Det er eg ganske sikker på. Ein større regional aktør vil etter kvart sjå på korleis dei kan auka overskotet ved å rasjonalisera drifta. Då forsvinn òg arbeidsplassar. Administrative oppgåver som rekneskap, sal og marknadsføring, kanskje òg tekniske servicefunksjonar, er noko av det første som kan forsvinna. Ein ny eigar bryr seg ikkje med det kommunale ønskjet om folketalsvekst og arbeidsplassar. At kommunepolitikarane vil auka talet på innbyggjarar til 15.000 innan år 2050 er det ingen andre enn dei sjølve som bryr seg med. Vent og sjå!
Dei folkevalde i Kvinnherad bør tenkja seg om lenge før dei eventuelt sel K-Band, og i det minste setja seg grundig inn i alle sider av saka. Selskapet går i dag med overskot og har frå 2016 til og med rekneskapsåret 2024 betalt ut ca. 10 mill. kroner i utbyte til kommunen. Det er berre som eit musepiss, vil nokon hevda, i alle fall sett med økonomiske auge. Det kan så vera, men arbeidsplassar og skatt frå medarbeidarane i bedrifta har òg sin verdi. Og ikkje minst den gode servicen vi får gjennom eit lokalt eigd selskap, som endåtil rykkjer ut på kort varsel når noko skjer. Ved eit eventuelt sal er eg redd for at viktige støttefunksjonar forsvinn ut av kommunen.