Inviterer til historisk seminar på Baroniet Rosendal
Plus
Førstkommande laurdag tar professor ved UIO og kvinnhering, Jørn Øyrehagen Sunde, med seg nokre av sine kollegaer og inviterer til historisk seminar på Baroniet Rosendal.
Det kjem fram i ei pressmelding frå baroniet.
Seminaret har tittelen «Norsk herregardshistorie – Økonomi og kultur på Baroniet Rosendal og andre jordegods», og det vil bli lunsj og rom for samtalar og spørsmål undervegs i programmet, står det i pressemeldinga.
Programmet under seminaret blir slik:
Aina Aske: Den grevelege residensen: Larvik grevskaps kulturelle og økonomiske midtpunkt 1674-1805
Arne Bugge Amundsen:Religion og ritual på norske herregardar
Birthe Østergaard Kristiansen:Kjøkkenøkonomi og luksus – Inspirasjon frå Europa og utveksling mellom store hushald på Austlandet
Lars August Kvestad:Liten i ord, men stor på jord – Vestlandske proprietærgods sett i høve til adelege godssamlingar
Jørn Øyrehagen Sunde: Sjølvbilete – Kva fortel foto på vegger og i album om korleis herskapet på baroniet såg seg sjølve?