Forbetringsforslag til 17.mai på Vangen
Plus
«Gammel, gammel» lensmannen vår fann «den endelege løysinga» på 17.mai-feiringa på Vangen då han fekk hekta russetoget bakerst på folketoget, dette for å redusera antal stengingar av stamvegen den dagen.
Sjølvsagt førte dette til at dei som deltok i folketoget ikkje fekk med seg russetoget.
No er stamvegen for lengst lagt i tunnell. Burde ein då ikkje gå tilbake til opphavleg løysing med eige russetog?
Og så kunne også russen nytta høve til å ta eit steg tilbake til slik slik det ein gong var, eit gåande russetog med humørfyllte innslag/aktivitetar, og med plakater med stikk til aktuelle saker, tema, politikarar og gjerne til Vossingen generelt.
Ei kolonne med tutande raude, grøne og svarte bilar, slik det toget i det siste har framstått, er lite underhaldane og lite interessant.
Å få barnehageborna med fedrene opp att på tre lastebilar, slik det ein gong var, er vel derimot vanskeleg og lite ynskjeleg, men å få lokalavisa til å vera til stades og dekka feiringa på idrettsplassen, sjølv om det ikkje vert spelt fotball den dagen, hadde vore ynskjeleg for mange som ikkje kan vera der.
Testar ny ordning under årets nasjonaldag
Slik blir årets russefeiring: – Me blir prøvekaninar
Dugnad, sa du? Jaja, berre kom