Mellom vern og fridom: vegen vidare for unge på sosiale medium
Plus
Regjeringa vil innføra 16-årsgrense på sosiale medium. Intensjonen er både forståeleg og viktig:
Å beskytta barn og unge, ikkje minst når det gjeld psykisk helse.
Presset frå sosiale medium er reelt. Mange unge opplever samanlikning, kroppspress, mobbing og ei kjensle av aldri å strekkja til.
Når statsminister Jonas Gahr Støre, i samarbeid med regjeringa, løftar fram behovet for ein tryggare barndom, treffer det noko grunnleggjande. Spørsmålet er difor ikkje om me skal ta utfordringane på alvor.
Spørsmålet er: Korleis?
Ei 16-årsgrense kan vera eitt godt verkemiddel. Samtidig reiser forslaget fleire viktige spørsmål som det er verdt å diskutera grundig før ein konkluderer.
For det første: Korleis vil dette fungera i praksis?
Me veit allereie at mange barn er på sosiale medium før dei fyller 13 år, trass i dagens reglar. Kva må til for at ei ny grense faktisk skal bli følgt? Og kva skjer dersom ho ikkje blir det?
For det andre:Korleis skal alderen kontrollerast?
Dersom teknologiselskapa skal få ansvar for aldersverifisering, inneber det også meir registrering av persondata. Korleis balanserer me behovet for tryggleik med retten til personvern – også for unge?
For det tredje: Kva rolle bør staten ta – og kva ansvar ligg hos foreldre og lokalsamfunnet?
På Voss har me sett engasjement for ein meir medviten skjermbruk, mellom anna gjennom initiativ for å utsetja smarttelefonbruk. Slike tiltak viser at løysingar også kan veksa fram nedanfrå.
Kanskje handlar dette ikkje berre om lovverk, men også om kultur, haldningar og felles forventningar?
For det fjerde: Kva ønskjer me at sosiale medium skal vera for unge?
For nokon er desse plattformene ei kjelde til stress. For andre er dei ein stad for fellesskap, kreativitet og tilhøyrsle. Korleis tek me vare på begge desse sidene i politikken me utformar?
Til slutt: Treffer me kjernen av problemet?
Dersom utfordringane handlar om algoritmar, kommersielt press og design som held oss lengst mogleg på skjermen – bør me då i større grad retta merksemda mot sjølve plattformene, i tillegg til aldersgrenser?
Me i Voss Unge Høgre meiner:
Dette er ikkje enkle spørsmål, og det finst neppe enkle svar eller løysing.
Det som likevel er tydeleg, er at målet står fast: å gje barn ein tryggare oppvekst og betre føresetnader for god psykisk helse.
Difor er det på tide med denne debatten.
Men før me landar ei endeleg løysing, bør me stilla dei vanskelege spørsmåla og vera opne for at svaret kan vera samansett.
Ungdomen om forbodet: – Ikkje mykje positivt for min kvardag
Varslar ny lov: Innfører 16-årsgrense på sosiale medium
Håkon (15) med nytt leiarverv