Herold

Tre bøter på Digranes i morgontimane

Plus
Kilde: HF Author: Inga Øygard Jaastad Published: 2026-05-05 08:07:07
Tre bøter på Digranes i morgontimane

Mellom klokka 05:20 og 8 tysdag morgon gjennomførte UP farts- og promillekontroll langs fv. 550 på vestsida av Sørfjorden på Digranes.

Det er 80-sone på staden, og det blei skrive ut tre forenkla førelegg for fart.

Høgaste fart var 111 km/t.

Elles var det ingen reaksjonar for ruspåverknad.

Det opplyser Bodil Nakkerud ved Hardanger politistasjon.

Ho fortel vidare at politiet stadig får meldingar om køyretøy som UTV, ATV og mopedar i distriktet.

– Der er gjerne ikkje alt i orden med verken køyretøy, alder på førar og førarrettar, seier Nakkerud.

Måndag fekk politiet melding om slik køyring i jondalsområde.

– Politiet var ikkje ute på det, men det er noko me følger opp.

Elles var UP også ute på kontroll på Sekse måndag morgon. Der blei det tatt beslag i eitt førarkort for ei fart på 97 km/t i 60-sona.

Det blei vidare delt ut ni forenkla førelegg for fart. Éin førar var berre ein kilometer i timen ifrå å miste lappen, med ei fart på 85 km/t.

🏷️ Extracted Entities (8)

Digranes (place) Bodil Nakkerud (person) UP (entity) ATV (entity) Hardanger (entity) Sekse (entity) Sørfjorden (entity) UTV (entity)