Herold

Politiet har oppretta sak etter innbrot og skadeverk

Plus
Kilde: HF Author: Inga Øygard Jaastad Published: 2026-05-05 11:46:43
Politiet har oppretta sak etter innbrot og skadeverk

– Politiet har no vore på staden og opprettar sak.

Det seier Bodil Nakkerud ved Hardanger politistasjon tysdag morgon.

I helga fekk politiet melding om innbrot i ein garasje, og at nokon hadde herja i og med nokre bilar på ei adresse i Odda.

– Meldar har sendt oss ein dronevideo. Det er ein del av forholdet. Det er uvisst om den handlar om noko straffbart. I tillegg finst det ein video frå eit dash-kamera i den aktuelle bilen, der det er ein annan gjerningsperson enn dei han har filma med drone, forklarar Nakkerud.

Ho seier dronevideoen kan dreie seg om personar som tilfeldigvis var i området.

– Politiet etterforskar for å finne ut kven som står bak, avsluttar Nakkerud.

Innbrot i Odda i helga: – Vakna av at nokon herja i garasjen

🏷️ Extracted Entities (3)

Bodil Nakkerud (person) Odda (entity) Hardanger (entity)