Nå må regjeringa innfri kravet til jordbruket
Faglaga i jordbruket, Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag, har levert sitt krav til Staten. Jordbruksforhandlingane er dei årlege forhandlingane mellom staten og jordbruksorganisasjonane om inntekter, tilskot og rammevilkår for norsk jordbruk det kommande året. Kravet på vel fire milliardar speglar det faglaga meiner skal til for å kunne levere på samfunnsoppdraget sitt, som er å produsere trygg mat og nok mat, i heile landet.
Mange har vore ute og hevda at årets krav frå faglaga er for høgt, mellom anna Frp. Landbrukspolitikken til Frp er, som alt anna av politikken til Frp, basert på marknadsliberalisme. Landbrukspolitikken til Frp betyr i praksis følgjande:
- Eit sentralisert landbruk rundt dei store byane frå Trondheim og sørover.
- Meir eller mindre fjerning av importvernet på landbruksvarer som i dag er skjerma. Resultatet vil bli meir mjølke- og kjøttprodukt frå utlandet, medan produksjon og sal av norskelandbruksvarer vil gå ned.
- Ei svekking av matproduksjonen og matsikkerheita i heile landet. Også i dalstrøka innafor.
- Eit gjeldstynga landbruk med stadig større økonomisk risiko og auka fare for konkurs
Bøndene er beskjedne
Eg deler på ingen måte oppfatninga om at kravet frå jordbruket er for høgt. Prisane på nokre av dei viktigaste innsatsfaktorane i jordbruket som energi, kunstgjødsel og diesel, har auka kraftig dei siste månadane. Jordbruket må få kompensert for dette i tillegg til at det vil bidra til å ta ned den økonomiske risikoen til kvar enkelt gardbrukar.
Faglaga kjem med eit krav som har eit tydeleg distriktspreg. Kravet prioriterer dei med lågast inntekt, særleg produsentar av sau og storfe. Dyr som gjer beiteressursene om til mat. Kravet inneheld også ei satsing på setring gjennom eit grunntilskudd per liter mjølk levert fra setra. Dette er ei riktig og viktig satsing for å stimulere til meir setring og minst få utnytta det store potensialet som ligg i å utnytte utmarksbeite til matproduksjon. Dette er klimatiltak i praksis!
Eg har ei klar forventning til at Senterpartiet og Trygve Slagsvold Vedum bruker vippeposisjonen sin i Stortinget til å tvinge fram eit godt jordbruksoppgjør. Med Jens Stoltenberg som finansminister veit eg at dette vil bli ei krevjande oppgåve. Stoltenberg har aldri vore kjend for å favorisere jordbruket sine krav eller behov, korkje som statsminister eller tidlegare finansminister.
Den viktigaste forutsetninga for eit land si forsvarsevne er evna til å produsere mat til eigne innbyggere. Da må sosialøkonomen Stoltenberg sørgje for at byråkratane i Finansdepartementet legg vekk tankesettet om at dei sosialøkonomiske prinsippa skal vera måla. Her må ein bruke finanspolitikken som eit reiskap for å nå målet om minimum 50 prosent sjølvforsyning, som Stortinget vedtok i 2024. Vi må ha nokon som kan og vil produsere maten vår, noko vi får vi til om vi legg nok pengar i potten.