Herold

Slik såg det ut rett utanfor stoveglaset

Plus
Kilde: Firda Author: Idar Stadheim Published: 2026-05-05 07:51:52
Slik såg det ut rett utanfor stoveglaset

Tonje Førde Systad vakna til 12–13 centimeter snø tysdag. På veg til jobb fann ho ein bil i grøfta og ein annan som stod med naudblink og spann på glatta.

Kom mai du skjønne milde, gjør skogen atter grønn.

Vel, denne teksten bør kanskje mellombels skrivast om? Ivertfall om ein ser ut stoveglasa i Vestland denne veka.

– Eg tok bildet i sjutida. Då var det vel ein 12–13 centimeter med snø utanfor stoveglaset, fortel Tonje Førde Systad tysdag morgon.

Ho bur i Lavikdalen, nesten ved kommunegrensa til Hyllestad. Ho tok eit bilde og sende til Firda, då ho vakna til kvit mai denne morgonen.

Gult farevarsel

Og ho var ikkje åleine om å vere vitne til eit brått skifte frå vår til tilbakevendande vinter:

Meldingar om glatt veg i Halbrendslia

For denne veka starta med eit gult farevarsel for snø i fjella, og det var nettopp i fjella ein såg snøgrensa krype nedover inn mot måndag og måndag kveld. Men natt til tysdag og etterfølgande morgon, då var snøen også komme godt ned i låglandet.

Og i Lavikdalen hadde snøen verkeleg lagt seg.

– Då eg køyrde på jobb om lag 20 minutt seinare, så var det komme bra mykje snø. Det var heller ikkje brøytt, så eg varsla Vegtrafikksentralen om at det var behov for brøyting på vegen, fortel ho.

Bil i grøfta

Ho fann også ein bil i grøfta. Denne veit ho ikkje kor lenge har stått der.

– Varseltrekanten stod der, og det var ikkje folk der. Viss ikkje, så hadde eg stoppa, seier ho.

Det var heller ikkje einaste møtet med vanskar skapt av snøfallet denne morgonen. Om lag fire kilometer frå Lavik fann ho ein bil som stod med naudblinken på.

– Den kom seg ikkje opp bakkane.

I lys av det ho såg, har ho ei klar oppmoding til dei som skal ut på vegen i dag.

– Ikkje køyr på sommardekk om det er snø. Det kan vere veldig glatt!

Sjølv var ho heldig. Dei har to bilar, der den eine av dei var skodd om til sommardekk, medan den andre framleis hadde vinterdekk på.

– Mannen min tok heimekontor i dag slik at eg kunne ta bilen med vinterdekk for å komme meg på jobb. Vi var heldige, elles så måtte eg truleg ha teke heimekontor sjølv, eller teke skulebussen saman med borna, seier ho.

Har du bildedøme på det vinterlege «comebacket» denne veka? Send dei gjerne til redaksjon@firda.no.

No er det slutt på drivstoff her

🏷️ Extracted Entities (7)

Lavikdalen (entity) Tonje Førde Systad (person) Halbrendslia (entity) Hyllestad (place) Lavik (place) Vegtrafikksentralen (entity) Vestland (place)