Glatte vegar: – Vurder nødvendigheita med å køyra
Plus
Tysdag morgon vakna fleire opp til snø på bakken. Dette har ført til glatte vegar.
– Me ha fått inn nokre klagar at det er glatt på E39 i retning Ostereidet, på fylkesvegane mot Hundvin, Lindås og Holsnøy. I tillegg skal det vera glatt ved Nordhordlandsbrua, seier John Andreas Omdal, trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen like før klokka 07.00.
Omdal seier det var mykje kaldare tidlegare på morgonen. Då skal det ha vore rim rett på asfalten.
– Det kjem til å bli mildare i timane framover, opptil fem varmegradar. Då vert det mindre glatt.
Køyr forsiktig
Trafikkoperatøren seier at sidan vintersesongen er omme, har ikkje entreprenørane utstyr til å salta vegane.
– Det er trass alt mai, hadde dette skjedd for to månader sidan hadde dei hatt riktig utstyr.
Han har ei klar oppmoding til alle som har bytt til sommardekk:
– Me har gått ut og oppmoda dei med sommardekk om å vurdera nødvendigheita å køyra i timane framover. Nokre stadar er det stadvis fin veg, medan andre stadar er det glatt. Ver forsiktig om de køyrer.