Meir snø i vente: – Mai er ein joker
Plus
Vêret har endra seg drastisk etter den fine starten på mai. No vert det nokre kalde dagar framover.
Tysdag morgon vakna folk i Nordhordland opp til snø på bakken. Fleire måtte skrapa av bilen før dei kunne køyra.
Dei som trudde at sola var raskt på retur, må trur om att. Det er forventa enda meir snø vidare denne veka.
– Det vil verta nokre kalde dagar framover. Me har fått nordleg vind frå både Sverige og Finland til oss. Denne vinden gir oss snø- og sluddbyer, fortel vakthavande meteorolog Johanne Ordahl.
Vil fortsette
Når NH snakkar med statsmeteorologen i 0900-tida er det framleis snø i lufta. Det vil fortsette utover dagen, fortel Ordahl.
– Høgare opp vil nedbøren landa som snø, medan i låglandet vil det falle som regn.
– Det kjem til å vera tilsvarande nedbør natt til onsdag. Lokalt kan det verta nattefrost fram til fredagsmorgonen.
Heldigvis vil temperaturen etter kvart stiga og det kan verta sol att inn mot helga.
Skjer ikkje så ofte
– Folk som køyrer på vegane no, spesielt med sommardekk er nøydde til å passe på. Det har vore fleire ulykker i morgontimane grunna glatte vegar. Om det er mogleg er det best å la bilen stå.
Foreløpig har det ikkje vore meldingar om hendingar på vegane i Nordhordland.
Ordahl seier at det ikkje er vanleg at det snør i låglandet i mai, men at det kan kome kuldeperiodar.
– Mai er ein joker: Det kan iblant kome snøbyer om det er kaldt nok. Heldigvis skjer ikkje dette ofte.