Herold

Har du bytta dekk? Då er oppmodinga klar

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Sigrid Nese Thue Published: 2026-05-04 07:59:56
Har du bytta dekk? Då er oppmodinga klar

– Skal du køyra over ein fjellovergang dei neste dagane må du ha vinterdekk. Eller så må du velja ein annan veg.

Det seier trafikkoperatør Marianne Hove ved Vegtrafikksentralen.

Etter ein periode med gode temperaturar har gradestokken sokke igjen, og måndag morgon var det snø på fleire fjellovergangar.

– Det ser ut til å gått greitt. Me har iallfall ikkje fått meldingar om problem eller glatt veg, seier Hove måndag føremiddag.

Men faren er ikkje over med det første.

Kan koma mykje snø

– Det er meldt om meir snø frå tidleg ettermiddag i dag, måndag, fortel Hove.

Meteorologane har sendt ut farevarsel for fjellovergangane i Sør-Noreg som varer fram til tysdag kveld. I denne perioden kan det kom mellom 2–15 cm snø på 24 timar enkelte stader.

– Det er litt spennande når det kjem snøfall etter at mange har bytta til sommardekk. Det kan by på trøbbel, seier Hove, som ber billistar om å følgja råd og sjekka status der ein skal ferdast.

🏷️ Extracted Entities (3)

Marianne Hove (person) Sør-Noreg (entity) Vegtrafikksentralen (entity)