Trøbbel med drikkevassforsyninga i Vik: – Ikkje drikk vatnet
Plus
Vatnet i Vik sentrum kan ikkje nyttast verken til matlaging eller drikke. Det nyttar heller ikkje å koka det, er meldinga frå kommunen måndag ettermiddag.
Vik kommune melder måndag om driftsutfordringar med drikkevassforsyninga frå Refsdal på grunn av ei hending.
Alle i Vik sentrum har fått beskjed om at dei ikkje kan nytta vatn i det heile fram til anna melding blir gitt på tekstmelding. Vatnet vart først stengt av, men klokka 13 kom det oppdatert melding om at vassforsyninga var opna att. Kommunen strekar framleis under at forbrukarane ikkje må nytta vatnet til matlaging eller drikkevatn. Det er heller ikkje gagn i å koka vatnet, melder Vik kommune på nettsida.
– Noko oljeliknande
– Me har sett at det er noko oljeliknande i høgdebassenget vårt, ein film. Men me veit ikkje om det er olje, seier kommunedirektør Siri Fahlvig Pettersen.
Det har vore arbeid i området, men kommunedirektøren vil ikkje spekulera i om det er noko samanheng.
– Me har sendt vatnet med ekspress til testing i Oslo, og håpar at me får svar i løpet av morgondagen. Mattilsynet er varsla, og me har hatt møte med dei.
Naudvatn
Kommunen har fått mange meldingar og telefonar frå uroa innbyggjarar. Pettersen seier dei no må venta på svar på prøvene, før dei kan svara noko meir.
Beskjeden er førebels den same: – Ikkje drikk vatnet, og ikkje nytt det til matlaging.
Det vert etablert naudforsyning av drikkevatn for innbyggjarane i Vik sentrum.
Hentestasjonen vil vera på parkeringsplassen på nordsida av Vikjatunet, og vera klar frå om lag klokka 17.00 måndag ettermiddag til klokka 22.
Naudvatnet kjem frå Bødalen vassverk.