Deler ut 40 000 kroner: – Det er ein god måte å retta fokuset mot det me meiner betyr noko
Plus
Kjenner du nokon som gjer det vesle ekstra for å få ting til å skje, for å skapa engasjement eller gjera det kjekkare for andre? Då vil Sognaklynga høyra frå deg.
Ein fotballklubb som lukkast med å gjera noko nytt for å engasjera. Ein organisasjon som bidreg med det vesle ekstra for å gjera det triveleg i bygda. Eller nokon som er spesielt gode på å skapa interesse for ein aktivitet blant barn og unge.
Det er berre nokre døme på kven Jeppe Jeppesen og Sognaklynga ser etter før dei skal arrangera Sognasmart i Sogndal 20. mai.
Der skal dei nemleg dela ut Sogneffekt-prisen – for å heidra nettopp desse som treffer folk på ein heilt spesiell måte.
Til inspirasjon
– Sognasmart handlar om å løfta fram dei som vil noko med Sogn. Det handlar om å bli inspirert, vera med å utvikla og hjelpa kvarandre med å halda fram. I tillegg ynskjer me å løfta fram bulyst, livskvalitet og dugnadsintensivane som er så viktige for regionen, seier Jeppesen.
Han er med i Sognaklynga og jobbar i Sogn Næring. Dei siste åra har det vorte delt ut fleire prisar til folk i Sogn. Det meiner Jeppesen er ein fin ting.
– Kva får ein ut av å gje slike prisar?
– Det er ein bra måte å retta fokuset mot det me meiner betyr noko. Me presenterer dei nominerte og historiene deira, til inspirasjon for alle. Me meiner det er dei rette tinga me hyller.
Sognaklynga deler ut prisen på 40 000 kroner saman med Agenda Vestlandet. Pengane skal bidra til vidare utvikling av tilbodet.
Jeppesen håpar at dei får inn nominasjonar frå heile regionen. Det kan vera innan alle kategoriar: næring, kultur, frivilligheit eller møteplassar. Det viktigaste handlar om effekten det har på kvardagen til folk.
Lenkje til nominasjonssida finn du her. (ekstern lenkje)
– Me klarar ikkje byggja Sogn 2.0 dersom me ikkje kjenner kvarandre
Her kan du sjå kven som kan pynta peishylla etter Sognafest 2026