Herold

Vegvesenet åtvarar: – La bilen stå dersom du ikkje har vinterdekk

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Silje Vindedal Published: 2026-05-05 05:39:59
Vegvesenet åtvarar: – La bilen stå dersom du ikkje har vinterdekk

Det kan vera glatt enkelte stader i morgontimane.

I ei melding på X tysdag morgon skriv Vegtrafikksentralen vest at det er fare for svært glatte vegar i morgontimane.

– Det blir jobba med å salta på spesielt utsette strekningar, men grunna redusert vinterdrift vil fleire vegar kunne vera glatte, og me ber bilistar vurdera la bilen stå dersom ein ikkje har vinterdekk, er oppmodinga.

Varierande forhold

Trafikkoperatør John Andreas Omdal opplyser at det er ei generell melding for heile distriktet.

Frå der han sit har han full oversikt med dei mange kameraa vegvesenet har plassert rundt omkring på vegnettet.

– Eg ser at ved Lærdalstunnelen er det grønt og fint, og ikkje snø i terrenget, medan i Sogndalsdalen har me fått melding om glatte vegar. Så det er veldig variert og stadvis glatt, seier Omdal.

– Ute ved kysten, ved Bremanger, er det faktisk kome ein del snø som har lagt seg i vegen, opplyser han.

Kaldt i fjellet

Det er minusgrader på fjellovergangane til og frå Sogn tysdag morgon. Rådet frå vegtrafikksentralen er altså å vurdera å la bilen stå, særleg dersom du har tenkt deg over fjellovergangar.

Fylkesveg 55 over Sognefjellet vart stengd natt til tysdag. Der blir det gjort ny vurdering kl. 08.

– Dersom vegbana er fuktig, kan det frysa på og leggja seg ei tynn ishinne, seier Omdal.

Oversikt fjellovergangar

🏷️ Extracted Entities (7)

Trafikkoperatør John Andreas Omdal (person) Bremanger (entity) Lærdalstunnelen (entity) Sogn (entity) Sogndalsdalen (entity) Sognefjellet (entity) Vegtrafikksentralen (entity)