Herold

Ferjetilpassa julemesse: Her blir det graut, verkstad og marknad med unike gåver for heile familien

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Ingvild Sjo Published: 2025-12-04 17:01:00
Ferjetilpassa julemesse: Her blir det graut, verkstad og marknad med unike gåver for heile familien

I Ølve ungdomshus vert det julestemning når eldsjeler for huset dreg i gang familiedag med aktivitetar og mat, sjølvsagt slik at det passar med ferja til Varaldsøy og Årsnes.

Laurdag føremiddag 6. desember inviterer Andrea Johnsen Sollid og Ølve ungdomshus til triveleg julemarknad. Laget skipar til full pakke juleoppleving, med billettsal på vipps som sikrar inngang og ein dugleg porsjon graut.

I juleverkstaden blir det laga julepynt med hagelaget, og fritidsklubben har ansiktsmåling. Ølve ungdomslag har pynting av peparkaker, blant anna.

Under julemarknaden kan ein handla av utstillarar som sel både søtsaker, julekaker, smykke, keramikk, bakverk, gardsprodukt og mat som ein ikkje finn i vanlege butikkar.

Andrea Johnsen Sollid seier på hendinga «Juleverkstad & julemarknad i Ølve» på Facebook at alle er hjarteleg velkomne til ein kjekk familiedag i Ølve ungdomshus.

– Ein liten, men viktig ting