Herold

Ho held konsert i Rosendal i april

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Mona Grønningen Published: 2025-12-05 17:01:00
Ho held konsert i Rosendal i april

Rosendal Kultur har hanka inn Maria Haukaas Mittet til konsert på vårparten.

Det kjem fram i ei pressemelding:

*«Bli med på ein stemningsfull laurdagskveld når Maria inntar scena i vakre Nyasago i Gurinefjero». *

Maria Haukaas Mittet er blant anna kjent for sigeren i «Stjernekamp» i 2015 og tallause stemningsfulle julekonsertar. No er ho snart aktuell med ny musikk, og gir ut nytt album i 2026. «Haill» er første smakebit frå albumet «Søraførr» som kjem til våren, og musikken er laga i samarbeid med Tromsø-brørne Espen Lind og Geir Hvitsten, som i likheit med Maria hadde første del av livet sitt i nord før dei sette kursen sørover. Med røter i nord og eit liv i sør, presenterer dei både byjenta og erkenordlendingen som bur i Maria, heiter det i pressemeldinga.

«Dette blir ei verdig avslutning på Rosendal Kultur sin andre sesong. Vi ønskjer dykk alle velkomne til ein uforgløymeleg konsert!» skriv Rosendal Kultur.

Konserten med Maria Haukaas Mittet skjer laurdag 18. april 2026.