Hønsemysterium på Kyte: – Det vart full oppstandelse
Plus
Kven eig høna/hanen? Det lurar folket i nabolaget på Kyte på.
Måndag kveld vart det liv i gruppechatten til nabolaget på Kyte. Det vart meldt om ei høne, eventuelt ein hane, som ingen veit kven eig. Enn så lenge.
– Det vart meldt om i halv åttetida, fortel Trine Johansen.
Ho har no fått ansvaret med å passa på fjørfeet i drivhuset sitt til dei finn den rette eigaren.
– Det vart full oppstandelse, med naboar og born, og korleis få fatt i fuglen.
Etter dei fekk tak i han, tok ein av naboane han med seg inn i sitt hønsehus. Det vart ikkje så godt motteke av hønene som alt bur der, så dermed fekk Johansen fuglen i sitt drivhus.
– Han sit oppå eine plantekassen og kikkar ut. Han har fått mat og vatn, fortel den mellombelse matmora.
Dette er også delt på Facebook-gruppa over sakna dyr som er funne på Voss. Kven som er eigaren let venta på seg.
– Det er eit fjørfe med ein spesiell hårpryd. Det har eit svart halsband med ein ring på, skildrar Johansen.
Ho seier at eigar kan ta kontakt med henne.
– Ein kveld utanom det vanlege på Kyte?
– Ja, absolutt. Det hender det er ein einsam hund som går ute, men har ikkje opplevd dette før.