Herold

Vi treng kjernekraft, men ikkje i Dalane

Plus
Kilde: Dalane Tidende Author: Arvid Bjarne Frøyrak Høyland Published: 2026-05-04 20:00:37
Vi treng kjernekraft, men ikkje i Dalane

Frp fryktar at manglande kraftutbygging kan få direkte og alvorlege konsekvensar for industri, arbeidsplassar og straumprisar i Lund og Dalane. Dette er utsegn som ikkje mindre enn to medlemmer i energi- og miljøkomiteen på Stortinget, Tor Mikkel Wara og Rikard Spets, stiller seg bak.

I Dalane har vi med vindkrafta i Bjerkreim ein samla energiproduksjon på over 1800 GWh, medan Dalane Energisalg i 2022 rapporterte om eit nettoforbruk på 280 GWh. Det betyr at Dalane «renn over» av energi. Om det ikkje var for «dyktige politikarar», hadde straumen vore tilnærma gratis i Dalane dersom regionen var ein lukka energimarknad. Men det er Dalane ikkje, og slett ikkje Noreg.

Vi veit at sikker tilgang til kjøling er kritisk for eit kjernekraftverk (jf. Zaporizjzja og Fukushima Daiichi). Derfor bør eit nytt norsk kjernekraftverk liggja ved havet. Eit kjernekraftverk produserer vanlegvis straum ved hjelp av dampturbinar, noko som kort fortalt betyr enorme mengder spillvarme. Det vil difor vere smart å plassere eit kjernekraftverk ein stad der ein kan gjere bruk av overskotsvarmen, som i eit fjernvarmeanlegg i ein større by eller i prosessindustri med stort varmebehov.

Det er også mykje spillvarme frå datasenter. All energien ein tilfører eit datasenter, blir til spillvarme. Dyktige politikarar burde ikkje gitt billeg straum og konsesjon til datalagring utan at det blir stilt krav om gjenbruk av denne varmen. Det same bør gjelde for kjernekraftverk.

Dalane Kjernekraft AS ser føre seg eit kjernekraftverk på 10 TWh. I eit typisk kjernekraftverk blir 65–80 % av den frigjorde kjerneenergien til spillvarme. Kvar i Dalane har ein bruk for varmt vatn tilsvarande eksempelvis 20 TWh?

Det er gledeleg å sjå at Aker no ser på kjernekraft som ein del av «den nye olja». Bygg ut kjernekraft – men gjer det ved havet, på stader der ein faktisk kan nytte spillvarmen.

🏷️ Extracted Entities (12)

Dalane Kjernekraft AS (organization) GWh (entity) TWh (entity) Aker (entity) Bjerkreim (entity) Dalane Energisalg (person) Fukushima Daiichi (person) Lund (entity) Noreg (entity) Rikard Spets (person) Stortinget (entity) Tor Mikkel Wara (person)