Herold

Vi må vere villige til å seie nei

Plus
Kilde: Rjukan Arbeiderblad Author: Andreas Bjelland Eriksen, Klima- og miljøminister Published: 2026-05-04 14:54:50
Vi må vere villige til å seie nei

Villreinen på Hardangervidda taper terreng. Bit for bit blir leveområda mindre, medan presset frå hytter, vegar og ferdsel aukar. Skal vi klare å ta vare på villreinen i framtida, kan vi ikkje halde fram med nedbygginga som har ført oss hit.

Vi veit i dag mykje meir om kor sårbar villreinen er enn då mange av dei eldre arealplanane blei vedtekne. Derfor kan vi heller ikkje halde fram som før.

Regjeringa har skjerpa dei statlege planretningslinjene for arealbruk og mobilitet, slik at dei i større grad tek vare på villrein og annan viktig natur. Kommunane er oppmoda til å gå gjennom eldre planar og fjerne område som ikkje er bygde ut, men som kjem i konflikt med viktige leveområde for villrein.

Noreg har eit internasjonalt ansvar for villreinen, og Hardangervidda er det største og eitt av dei viktigaste leveområda villreinen har i Europa. Då må omsynet til villreinen òg få reelle konsekvensar i arealpolitikken.

Dette kan ikkje berre bli fine formuleringar i dokument og planar. Når ny kunnskap viser at vidare utbygging vil skade villreinen, må vi òg vere villige til å seie nei til nye hytteområde.

Kommunane har eit stort ansvar gjennom arealplanlegginga si. Staten har eit ansvar for å gi retningsliner og kunne gripe inn dersom viktige nasjonale miljøomsyn ikkje blir tekne godt nok vare på. Det ansvaret må vi vere villige til å bruke når det er nødvendig.

Tiltaksplanane for villrein er ikkje berre ord på papir. Dei peikar ut ein retning vi må følgje dersom vi meiner alvor med å ta vare på villreinen, også for framtidige generasjonar. Tiltaksplanane er vår forventning til handling. Når vi samordnar avgjerder på tvers av kommunegrenser og sektorar, blir innsatsen meir treffsikker, og vi står sterkare i arbeidet for villreinen.

Vi kjem ikkje utanom at nokre avgjerder vil vere krevjande. Presset på naturen er stort, og ønsket om vidare utbygging vil halde fram. Nettopp derfor må vi klare å tenkje langsiktig.

Villreinen har vore i landet vårt sidan innlandsisen trekte seg tilbake for om lag 10 000 år sidan. Det bør han framleis vere i framtida også.

🏷️ Extracted Entities (2)

Hardangervidda (entity) Europa (entity)