Landets viktigaste dører
Kvar tid set sitt merke på Nidarosdomen. No er turen komen til at vår generasjon skal setje sitt preg på nasjonalheilagdomen – og det skjer i form av nye dører. Dei enkle grå dørene på vestfronten skal no bli raude, monumental kunst skal avløyse anonyme midlertidige dører.
Ei kyrkjedør erikkje ei vanleg dør. Kyrkjedøra er grensa mellom det verdslege og det heilage rommet. Sidan antikken er dører og portalar brukte til å forkynne, formidle og kunngjere. Soga seier at det nettopp var på kyrkjedøra i Wittenberg at Martin Luther spikra opp dei 95 tesane sine.
Fram mot 900-årsjubileetfor Olav den heilage i 1930 jobba domkyrkjearbeidarane på spreng med å fullføre restaureringa av skipet – den vestre delen av Nidarosdomen. Nye dører vart laga av material frå stillas. Det var gode materialar og gode dører som har gjort nytta si fram til vår tid, men det var midlertidige dører med eit lite monumentalt preg.
Ei raus pengegåve frå Maskefamilien i 2022 har gjort det mogleg å gje Nidarosdomen dei vestfrontdørene som katedralen fortener. Den danske kunstnaren Fredrik Tydén vann i januar 2025 den utlyste kunstnariske konkurransen, og no er arbeidet med dei nye dørene i full gang ved Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider (NDR).
Heilt frå NDR tok til med gjenoppbygginga av Nidarosdomen i 1869 har arbeidet vore ei blanding av restaurering og kunst. Katedralen er restaurert i tråd med den kunnskapen ein har hatt om korleis den gotiske mellomalderkatedralen såg ut. Men når det stoppar for arkeologane, kunsthistorikarane og handverkarane, må kunstnarane med på laget. Nidarosdomen var på 1900-talet eit av dei største kunstprosjekta i landet, og ei rekkje kjende kunstnarar har sett sitt preg på arbeidet, som Gustav Vigeland, Dyre Vaa og Gabriel Kielland. Vi veit ikkje korleis dørene på Nidarosdomen såg ut i mellomalderen, så her trongst ein kunstnar.
Fredrik Tydén gårdermed inn i den lange rekkja av kunstnarar som har sett sitt preg på Nidarosdomen, og dei nye vestfrontdørene vil bli eit av dei største avtrykka frå vår generasjon domkyrkjearbeidarar. Vinnarutkastet til Tydén var ei skisse som no blir utforma i detalj saman med handverkarane ved NDR, som på den måten også tilfører sine kunstnarlege element til dørene.
Er det ei så stor sak å lage nokre dører, kan ein spørje seg. Svaret er definitivt ja! Midtdøra er nesten seks meter høg, så det er i seg sjølv ei stor praktisk utfordring å lage dører som også er funksjonelle. Dei blir bygde i eik, som tradisjonelt er eit vanleg materiale til denne typen dører. Snikkarane ved NDR måtte til Danmark for å få tak i nok eik av rett kvalitet.
Smedane måtte ikkjelike langt for å få tak i jarn av god kvalitet til den omfattande smijarnsornamentikken som skal pryde dørene på utsida. Det meste av jarnet er gjenbruk frå Gamle bybru i Trondheim som vart pussa opp for nokre år sidan. Smedane har vore på studietur mellom anna til Notre-Dame i Paris for å studere mellomalderens smijarnsarbeid og skaffe seg eit best mogleg grunnlag for å forme ornamentikken saman med Tydén.
Det mest iaugefallande er at grå dører no bli skifta ut med raude. Dørene vart måla grå i 1930 for å gå mest mogleg i eitt med det fabelaktige murverket. Men no tenkjer vi heilt annleis! Dei nye dørene skal ikkje vere anonyme, men monumentale og tilføre katedralen noko nytt – som eit uttrykk i det 21. hundreåret, men også med eit tydeleg nikk til fortida. Raude kyrkjedører har lange tradisjonar i Europa og finst på mange gotiske katedralar. I kristeleg symbolikk er farga svært viktig – ho representerer Kristus, martyrane og Den heilage anden, og det er dommens farge. Dørene vil stå under Gabriel Kiellands mektige rosevindauge og galleriet under som symboliserer dommedag med store innslag av raudt.
Ulike fargeprøver erno sette opp på dei gamle vestfrontdørene slik at alle kan få eit inntrykk av korleis det vil bli. Prøvene skal vere til hjelp i det endelege fargevalet, og vi får testa ut kor godt ulike overflatebehandlingsprøver står seg mot ver, vind og garvesyreinnhaldet i eika.
I verkstadene tilNDR er arbeidet i full gang. Frå 2027 til 2029 vil vestfrontplassen og vestfronten på domkyrkja vere anleggsområde i ulike fasar før dei nye dørene kan avdukast og bli tatt i bruk ved inngangen til det store jubileumsåret 2030.
Bli med i debatten!