Herold

Vårkonsert til håp og glede

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Mona Grønningen Published: 2026-05-04 11:00:00
Vårkonsert til håp og glede

Cantus Firmus inviterer til vårkonsert søndag 10.mai i Kvinnherad kyrkje. Konserten vil vera med og feira våren og mange av songane handlar om håp om fred.

Det melder vokalensemblet i ei pressemelding.

– Det er mykje ufred i verda, men å samlast om musikken og håpet det gjev, er det lange tradisjonar for, meiner dirigent Rebekka Attramadal, som har leia vokalensemblet i snart 9 år.

Cantus Firmus får med unge stemmer frå Rosendal Tweens på nokon av songane, samt at Tweens skal ha to eigne nummer.

– Det er stas for oss at dei unge vil vere med å synga med oss «gamlingar». Det gir songen og konserten endå breiare klang og glede, meiner Attramadal.

I tillegg til at Rosendal Tweens skal ha eigne songar, skal Håkon Ulvenes Yndestad framføra You raise me up i duo med Attramadal, men denne gong på norsk. Han har tre år på Kongshaug musikkgymnas med song som hovudinstrument med seg i bagasjen.

– Det blir kjente, nye, tradisjonelle og moderne songar. Bli med på vårkonsert! lokkar vokalensemblet i pressemeldinga.

Her skjenker Oskar (87) folkepubens aller første øl

🏷️ Extracted Entities (8)

Rebekka Attramadal (person) Rosendal Tweens (person) Cantus Firmus (person) Håkon Ulvenes Yndestad (person) Kongshaug (entity) Kvinnherad (entity) Oskar (entity) You (entity)