Herold

Dag Endre oppfordrar: – Ein flott sjanse for helse, miljø og fellesskap

Plus
Kilde: HF Author: Ernst Olsen Published: 2026-05-04 17:01:00
Dag Endre oppfordrar: – Ein flott sjanse for helse, miljø og fellesskap

Friluftshovudstaden Ullensvang kommune er stolte over å kunne melde at dei også i år blir ein gratis kommune i den landsomfattande Sykle til jobben-aksjonen.

– Det betyr at alle innbyggjarar i kommunen kan delta heilt gratis, og vi oppmodar alle til å bli med, seier Dag Endre Opedal, rådgivar for idrett, friluftsliv og folkehelse i Ullensvang kommune.

Han peiker på at Sykle til jobben-aksjonen er ein kjekk og motiverande kampanje som skal inspirere til meir fysisk aktivitet i kvardagen. Opedal seier du vel sjølv korleis du vil vere aktiv, det viktigaste er å røre på seg. Det gjeld heile døgnet, ikkje berre på veg til og frå jobb.

– Du kan til dømes registrere aktivitetar som gåtur, sykle, jogge, gå med barnevogn, symjing, økter på treningssenter, toppturar og andre fritidsaktivitetar, og dessutan aktiv transport til butikk, barnehage eller skule, fortel friluftskoordinatoren.

Han seier at alle slike aktivitetar tel. Målet er å inspirere til ein meir aktiv livsstil, uansett nivå eller kvardag.

– Vi er glade for å kunne tilby gratis deltaking til alle innbyggjarar, og at vi i år har flotte premiar til både vinnarlaga, og sykkel til beste deltakar. Det vert og trekt ut vilkårleg frå deltakarlista som vil få diverse premiar, opplyser Opedal, og minner om at dette et ein flott sjanse til å gjere noko positivt for både helse, miljø og fellesskap.

Dei som har lyst til å delta kan gå til www.sykletiljobben.no, registrere seg som deltakar og velje Ullensvang kommune som bustadkommune.

Årets aksjon startar 5. mai og varer til 15. juni. Det blir både premiar, utfordringar og moglegheit til å delta saman med kollegaer, vener eller åleine.

– Vi håper at så mange som mogleg vil bli med å gjere Ullensvang kommune til ein aktiv og inspirerande deltakar i årets aksjon. Vi håper også at bedriftene i Ullensvang kommune blir med. Bedrifter kan opprette fleire lag internt i kvar bedrift, for å konkurrere med kvarandre, minner Dag Endre Opedal om.

🏷️ Extracted Entities (3)

Dag Endre Opedal (person) Ullensvang (entity) Sykle (entity)