Varebil hamna i autovern
Plus
Skadestaden er no rydda og vegen er open for fri ferdsel.
Vegtrafikksentralen Vest melde klokka 11.22 mündag føremiddag om eit trafikkuhell i Stad.
Uhellet skal ha skjedd ved Lefdal pü rv. 15 mellom Nordfjordeid og Müløy, og eitt felt var stengt som følger av uhellet.
Det var i starten ikkje opplyst kva trafikkuhell det var snakk om, men Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melde seinare at det var ein varebil som hadde køyrt inn i eit autovern.
Naudetatane rykte ut til staden. Det skal ikkje vere personskadar som følge av uhellet. Det blei elles opplyst ü ikkje vere store trafikale utfordringar pü staden.
SISTE:Klokka 12:08 var bilbergar framme pü staden. Det skal vere ein del skadar pü autovernet, og entreprenør er varsla.
â Det er mistanke om at førar kan ha sovna bak rattet. Han blir teken med til legevakt for blodprøvetaking. Det er teke beslag i førarkortet, opplyser Morten Rebnord, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.
Like etter melde politiet at skadestaden er rydda og vegen er open for fri ferdsel.