Har du stått i ei «trafikal utfordring» i det siste?
Plus
Media får kjeft for å slå på den språklege stortromma litt for ofte. Og det kan godt stemme. Det er ikkje lenge mellom kvar gong ei av tabloidane våre smeller til med «sjokk», «krise», eller kuriosa-kose-varianten til Dagbladet, der alle «måper». Vi kan godt spare litt på Møllers-en innimellom, det har kritikarane heilt rett i.
Men eigentleg fortener media vel så mykje kjeft når vi språkleg feigar ut i den andre enden. Når vi tonar ting ned til det komiske, og stundom tåkelegg det vi eigentleg ønskjer å formidle enkelt og greit til lesarane våre.
Når sat du sistved kafébordet i Strandgata, etter ein køyretur heim frå Førde og fortalde kompisane dine om «dei trafikale utfordringane» du hamna i aust om Eikefjord? Du fortel sjølvsagt at du stod i kø.
Når 25 bokstavar fordelt på tre ord kan erstattast med to bokstavar, så skal vi i media sjølvsagt bruke det siste. Journalistikk handlar til sjuande og sist om formidling gjennom forenkling. Men vi ser ein tendens til at media approberer – unnskyld, dette skulle handle om språkforenkling – godtek faguttrykk og maktspråk heilt ukritisk, og gjer det til sitt eige. Kvifor held vi på slik?
sitat språk
Årsaka kan vere samansett. Ting går stadig fortare, KI skriv framleis som ei krøkkje av ei tante på 90 år, og vi journalistane blir kanskje litt for late.
Her om dagen skreiv våre gode vener i Firda om ein «høgenergisamanstøyt». Nei, det var ikkje to fysikarar som sat og diskuterte kjernekraftas moglegheiter i Norge. Det var ei bilulykke i Bygstad. Front mot front i høg fart, kalla vi dette før vi overlot til politiet å setje språkleg merkelapp på det.
I lufta står det ikkje betre til. Uansett om flymotorar stoggar, om det kjem røyk i kabinen eller andre rare ting oppstår, så naudlandar fly aldri lenger. Skriv du det, så får du raskt sinte kommunikasjonsleiarar på tråden. Eller samfunnskontaktar, som dei også blir kalla. I staden foretek dei «ei kontrollert landing». Det kan vere freistande å spørje kva merkelapp du då skal bruke på alle dei andre, normale landingane?
Forresten så stoggar ikkje flymotorar i lufta. Men maskina kan «oppleve eit motorbortfall», som NTB melde om eit av Norsk Luftambulanse sine helikopter for eit par år tilbake. Vi får håpe ikkje nokon der nede fekk bortfallet i hovet.
Ofte er det makta sitt språksom snik seg inn i journalistikken. Men makta i dette tilfellet treng ikkje vere det offentlege eller byråkratiet, sjølv om dei tidvis bidreg solid.
Like ofte kan det vere næringslivet. Og stundom blir det både tragikomisk og aldri så lite provoserande. Sist torsdag melde laksesmoltprodusenten Helgeland Smolt AS i Kilvik, om at 50.000 smolt hadde dauda, som følgje av ein teknisk svikt i anlegget. Meldinga som gjekk ut omtalte «en velferdshendelse».
Og det er ikkje så rart, for det er uttrykket Mattilsynet sjølve brukar på innmeldingsskjemaet produsentane skal bruke når fisk daudar eller blir sjuk. Problemet er berre at sakte, men sikkert så blir denne blaute polvotten av eit ord, teken med inn i daglegspråket vårt. Ordet «velferdshendelse» er allereie brukt i saker som laksebransjen skriv sjølv, og det går neppe lang tid før laks ikkje lenger daudar, men har hatt ein velferdshendelse, i ei av dei vanlege avisene våre også.
Så slik held vi på, dessverre. For språk er makt. Makt til å gjennomføre, makt til å dekkje over, makt til å definere, makt til å setje dagsorden. Men då må journalistspråket i alle fall vere tydeleg og klårt. Vi kan ikkje la folk stå i trafikale utfordringar oppi Haukåa. Vi må la dei stå i kø. Vi må frontkollidere, ikkje høghastigheit-samanstøyte, og vi må få lov å kjenne oss redde og i naud innimellom, ikkje «kontrollerte».
Og hei, de hos Mattilsynet og oppdrettnæringa: Lat no 50.000 stein daude laks få lov til å kallast nettopp det, og ikkje « en velferdshendelse».
Det høyrest meir utsom at ein tilsett i bedrifta har fått gullklokka etter 25 års trufast innsats.