Har du sett blålysa ved skulen? Derfor er dei der
Plus
Måndag ettermiddag kan ein sjå fleire ambulansar med blålys, politi og brannbilar ved Førde vidaregåande skule.
Men det har ikkje skjedd noko gale.
Det er snakk om ei øving.
– Til informasjon blir det i ettermiddag gjennomført ei samarbeidsøving mellom politi, helse og brannvesenet på Førde vidaregåande skule, skriv operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen ved Operasjonssentralen Vest.
Det er ein PLIVO-øving som gjennomførast årleg og vil føregå over fleire dagar.
– Det kan bli observert mange utrykkingskøyretøy i området, kanskje røyk og ein kan høyre smell, held Dahl-Michelsen fram.
Det er altså likevel inga grunn til bekymring.
🏷️ Extracted Entities (4)
Førde
(entity)
Knut Dahl-Michelsen
(organization)
Operasjonssentralen Vest
(organization)
PLIVO
(entity)