Meiner Marita Løfshus Haugen blei drepen med fleire stikk
Politiet opplyser at dei har kontroll på drapsvåpenet.
– Vi meiner ho blei stukken med eit stikkvåpen og at det var dødeleg.
Det seier politiadvokat Aleksander Ribsskog Tokle til NRK.
Politiet har kontroll på våpenet, men ønsker ikkje å gå inn i fleire detaljar om det.
Laurdag 13. desember blei Marita Løfshus Haugen (35) funnen drepen utandørs på Løkken Verk i Orkland kommune i Trøndelag.
Like etter ho blei funnen, arresterte politiet Jørn Andersen og siktet han for drapet.
– Han var ruspåverka, fortel Tokle.
Adresseavisen omtalte saka først.
– Mista trua på at det kjem til å bli eit avhøyr
Tokle fortel at politiet har eit godt bilete av kva som skjedde på Løkken laurdag 13. desember.
– Vi ønsker oss sikta sin versjon og si forklaring av det som skjedde. For så langt vi er kjent med det, så var det berre dei to til stades.
Politiadvokat Aleksander Ribsskog Tokle.
Men Andersen har enno ikkje møtt i avhøyr.
– Då må me lene oss på tekniske spor på staden, seier Tokle.
– Og når han gjentatte gongar ikkje har møtt i avhøyr, har vi mista trua på at det kjem til å bli eit avhøyr, legg han til.
Politiet seier at dei ønsker Andersen si forklaring mest mogeleg upåverka av det etterforskinga har avdekt.
– Då vil forklaringa hans ha mest verdi, slik at vi ikkje får ei tilpassa forklaring til bevisbilete.
– Men no er vi kome så langt i etterforskinga, er det ikkje mogeleg å påverke ho, legg han til.
Krimteknikarar på åstaden i dagane etter Løfshus Hagen blei funnen drepen.
Var dekt av snø
Då avdøde blei funnen, var ho dekt av snø.
Det bekreftar politiadvokaten til NRK.
– Vi meiner det er sikta som er den siste som er i kontakt med ho. Så korleis ho har blitt lagt der ho ligg, det veit eg ikkje.
På stikkvåpenet har politiet funnet biologiske spor som knyt både avdøde og Andersen til våpenet.
Avdøde hadde også fleire andre skadar, men desse var ikkje dødelege, ifølge Tokle.
Løfshus Hagen blei funnen drepen like ved arbeidsplassen sin og staden der sikta budde.
Politiet ber no om åtte veker forlenga varetektsfengsling av Andersen.
– Det er gjentakingsfare for nye valdslovbrot, seier Tokle.
Tidlegare dømd for drap
- november 1999 blei 16 år gamle Linn Charlott Nesblom, drepen av Jørn Andersen.
Andersen som då var 28 år, blei i 2000 dømd til 15 år i fengsel for overlagt drap.
Sjølv sa han seg ikkje straffskuldig for drapet.
Derfor identifiserer NRK Jørn Andersen:
Pressen skal være varsomme med å identifisere personer som omtales i forbindelse med straffbare forhold. Etter pressens etiske regelverk, Vær varsom-plakaten, gjelder dette spesielt i omtale av saker der etterforskningen er på et tidlig stadium. Det kan likevel være berettiget å identifisere ved alvorlige og gjentatte kriminelle handlinger. Det mener vi det er i tilknytning til Andersen, som nå er siktet for drap i Orkland.
Andersen ble i 2000 dømt til 15 års fengsel for drap på en ekskjæreste.
Mens han sonet dommen for drapet utøvde han grov vold mot en annen tidligere kjæreste, under en prøveløslatelse. Han ble derfor dømt til 4 år og 6 måneders forvaring for grov vold og trusler mot henne.
NRK mener det er viktig med en viss grad av åpenhet også rundt de mest alvorlige straffesakene i samfunnet. Vi har vurdert det slik at offentligheten har et berettiget behov for informasjon om Andersen, som nå er siktet for å ha utført en ny, svært alvorlig handling.
Dette er nettopp fordi han tidligere er dømt for de mest alvorlige forbrytelsene i samfunnet.
Det er tidlig i etterforskningen av saken og vi vet foreløpig ikke hvordan Andersen stiller seg til siktelsen.
Medan han sona dommen for drapet utøvde han grov vald mot ei anna tidlegare kjærast, under prøvelauslatingar.
Difor blei han i 2011 dømd til 4 år og seks månader forvaring for grov vald og trugslar mot ekskjærasten.
I 2015 blei han lauslaten på prøve, men påtalemakta ville forlenge forvaringsdommen.
Tingretten meinte han måtte haldast i forvaring fordi faren for nye straffbare handlingar var for høg, trass i positiv utvikling.
Men etter ei anke til lagmannsretten slapp Andersen ut frå fengsel eit år seinare, i 2016.
Det blei også gjort ei risikovurdering av ein psykologspesialist og lagmannsretten la vekt på at faren for ny vald frå Andersen var låg eller moderat.