Herold

Farevarsel for snø i store delar av landet – oppmodar folk på køyretur om å ha riktige dekk

Kilde: NRK Author: Fride Kvamsøe Rekdal Published: 2026-05-04 10:54:06 Last updated: 2026-05-04 10:56:31
No snør det ... igjen

Er du ein av dei som hadde håpa at det siste snøfnugget hadde lagt seg? Då må du tru om att, for no snør det fleire stader i landet.

For berre to veker sidan var det 18 grader og strålande sol fleire stader i landet.

Fleire har allereie funne fram badetøyet som ligg bakarst i skapet, kosa seg med ein is i sola eller tatt sin første utepils.

Men no snør det igjen.

Måndag og tysdag er det nemleg gult farevarsel for snø i store delar av landet.

I løpet av desse dagane kan ein vente snø i både Nordland, Trøndelag, Møre og Romsdal, Vestland, Rogaland, Innlandet, Agder, Buskerud og Telemark.

– Det kan komme som eit sjokk med tanke på det vêret som var førre veke, seier vakthavande meteorolog Emili Carin Rønning.

Sidan fleire har budd seg på finvêr i tida som kjem, seier meteorologen at dei har sendt ut farevarselet for å gjere folk obs på at det kan komme snø.

– Det er jo mange som allereie har bytta til sommardekk, så det kan jo vere berre litt snø som skal til før det kan bli vanskeleg føre på vegane eller glatt.

Avlyser turen

Svein Inge Gunnes er ein av dei som køyrer på sommardekk over Ørskogfjellet mellom Vestnes og Ålesund.

Han har reist frå Trondheim, men avlyser no siste del av turen sin på grunn av vêret.

Svein Inge Gunnes har plukka opp Joker-kollega Frank Lunde i Tresfjord i Vestnes.

– Dette passa særdeles dårleg. Vi køyrer på sommardekk og då må vi gjere endringar. Vi skulle til Geiranger, men tar ikkje sjansen på det.

No har han utsett opphaldet og må rett og slett reise i retur.

– Eg trudde ikkje det skulle bli så mykje, då hadde eg droppa å køyrd, seier han.

Cruiseturistane i Ålesund fekk ikkje maisola dei kanskje hadde håpa på når dei la til kai måndag morgon.

Adrian Moen Haukås har også tatt turen over Ørskogfjellet måndag, og synest ikkje noko om snøvêret.

– Dette likar eg ikkje litt ein gong. Det er mai.

Han hadde ikkje sjekka vêrmeldinga, og blei overraska då han oppdaga snøen.

– Eg vil helst ha sol, seier han.

Ikkje alle er like nøgd med snøvêret.

Siste krampetrekninga

– I Møre og Romsdal og Trøndelag vil det komme kanskje 3–15 centimeter snø, mens i Nordland vil det komme 5–15 centimeter, seier meteorolog Rønning.

Sjølv om det snør no igjen, trur ho ikkje at snøen har komme for å bli.

– Trur du dette er siste krampetrekninga med snø?

– Det kan sjå slik ut, den snøen som kjem no vil ikkje bli liggande.

🏷️ Extracted Entities (25)

Møre og Romsdal 📁 (category) Norge 📁 (category) Snø 📁 (category) Snø i Møre og Romsdal 📁 (category) Uvær Møre og Romsdal 📁 (category) Møre (entity) Nordland (place) Romsdal (place) Svein Inge Gunnes (person) Trøndelag (entity) Vestnes (place) Ålesund (place) Ørskogfjellet (entity) Adrian Moen Haukås (person) Agder (entity) Buskerud (entity) Geiranger (entity) Innlandet (entity) Joker-kollega Frank Lunde (organization) Rogaland (place) Rønning (entity) Telemark (place) Tresfjord (place) Trondheim (place) Vestland (place)

📊 Metadata

Category: Møre og Romsdal, Norge, Uvær Møre og Romsdal, Snø, Snø i Møre og Romsdal
OpenGraph Title: Farevarsel for snø i store delar av landet – oppmodar folk på køyretur om å ha riktige dekk
Twitter Title: Farevarsel for snø i store delar av landet – oppmodar folk på køyretur om å ha riktige dekk