Sandra Vanessa Borhaug vart vaksenadoptert tilbake til den biologiske mora i Costa Rica
40 Är etter at Sandra Vanessa Borhaug vart sendt frÄ Costa Rica til Noreg, har ho blitt adoptert pÄ nytt. Denne gongen tilbake til mora.
Saka oppsummert
- Sandra Vanessa Borhaug er den fĂžrste i Noreg som har blitt adoptert tilbake til sin biologiske mor i utlandet gjennom vaksenadopsjon.
- Sandra opplevde ein vanskeleg barndom i Noreg og har fÄtt rettferdsvederlag frÄ staten.
- Ho fann sin biologiske mor i Costa Rica ved hjelp av eit vaksinasjonskort og har sidan utvikla ein nĂŠr relasjon til henne.
- Sandra kan no sĂžke om kostarikansk statsborgarskap etter adopsjonen.
- Saka kjem i ei tid der Noreg granskar utanlandsadopsjonar, og det er mogleg at utanlandsadopsjonar kan bli stansa heilt.
- Sandra meiner ressursar bÞr brukast pÄ Ä hjelpe barn og familiar i deira eigne heimland framfor Ä adoptere dei bort.
I hagen ovanfor huset pÄ EllingsÞya stÄr ei oransjmÄla oksevogn, carreta. Typisk i Costa Rica, uvanleg pÄ SunnmÞre.
â Det er landet eg er fĂždd i og det betyr mykje for meg, seier Sandra Vanessa Borhaug (41).
Ho kom til Noreg i 1986 saman med to sÞsken, og blei adoptert til ein familie pÄ SunnmÞre. SjÞlv var Sandra berre halvanna Är og minnest ingenting av dette.
No har ho skrive norsk adopsjonshistorie: Som den fĂžrste i landet har ho blitt adoptert tilbake til den biologiske mora i utlandet gjennom ein vaksenadopsjon.
No stÄr den biologiske mora til Sandra oppfÞrt som mora hennar i Folkeregisteret. Ho er dermed ikkje juridisk tilknytt adoptivfamilien.
Vanskeleg oppvekst
Minna om oppveksten pÄ SunnmÞre sitt hardt i. Ho seier ho fÞlte frykt, djup einsemd og ei samanhengande kjensle av Ä vere utanfor.
Sandra opplevde barndommen som vanskeleg, men vil ikkje gÄ i detaljar. I ettertid har ho fÄtt rettferdsvederlag frÄ staten, fordi barnevernet ikkje greip inn tilstrekkeleg.
Adoptivfaren som Sandra har brote kontakten med, avviser skuldingane om ein vanskeleg barndom. Han har likevel samtykka til den juridiske vaksenadopsjonen som no har funne stad. Adoptivmora er dĂžd.
Det var nettavisa Utrop som fĂžrst fortalde historia.
Vaksinasjonskort blei nĂžkkelen
Heime i stova er det fleire bilete av Sandra si biologiske mor; Cristina Inez Zuñiga.
Jakta pÄ sanninga starta dÄ Sandra var 18 Är. Ho ville finne den biologiske familien, men det einaste adopsjonspapira viste var at ho kom frÄ Costa Rica. Vedlagt var der eit vaksinasjonskort, som skulle vere meir verdt enn ho trudde.
Tre Är etter pakka ho sekken og starta leitinga etter foreldra i eit framand land. Takka vere vaksinasjonskortet kunne styresmaktene i Costa Rica finne bÄde namn og adresse.
Ho fekk hjelp av ein lokal drosjesjÄfÞr, og berre fÄ timar etter trefte ho den vesle kvinna med stort hÄr i hestehale. Mora.
â Ho klemte meg og grĂ„t og var veldig glad. Eg var overvelda, seier Sandra.
Sidan den dagen har ho utvikla ein relasjon til mora. Ho har lÊrt seg spansk, og dei fire barna til Sandra kallar Cristina for «abuela», mormor. Den biologiske faren hennar er dÞd.
Sandra har hatt kontakt med mora si sidan ho mÞtte henne som 21-Äring.
Kan sĂžke om statsborgarskap
Dei to kvinnene har dagleg kontakt pÄ telefon eller meldingar.
â Hola, como estas, seier Sandra. Ho har ringt til mamma, men pĂ„ grunn av ustabil nettdekning i Costa Rica brukar dei ikkje kameraet i dag.
Mora har fortald til Sandra at ho aldri samtykka til adopsjon, men at barna var borte dÄ ho kom heim frÄ jobb.
Sandra har lĂŠrt seg spansk og kan fĂžre ein daglegdags samtale med mora.
PÄ telefon denne dagen seier Cristina at ho er glad for vedtaket i Noreg om at ho fÄr adoptere tilbake Sandra. Ho ynskjer ikkje Ä bli intervjua.
Sandra er utdanna jurist og har brukt mykje tid pÄ regelverket for Ä finne ein mÄte Ä juridisk tilhÞyre mora igjen pÄ, gjennom vaksenadopsjon.
â For meg var det naturleg. No stĂ„r det i folkeregisteret at ho er mora mi. Eg kan ogsĂ„ bli kostarikansk statsborgar, visst eg ynskjer det i framtida, seier 41-Ă„ringen.
Dei to kvinnene snakkar eller sender meldingar til kvarandre dagleg.
Adopterer stebarn og fosterbarn
Bufdir fÄr svÊrt fÄ sÞknader om tilbakeadopsjon av biologiske barn.
â I dei tilfella det skjer er det biologiske barn fĂždd i Noreg, seier Bente Therese Bekkhus. Ho er avdelingsdirektĂžr i Bufdir.
I 2025 blei totalt 203 vaksne adoptert i Noreg. Med eitt unntak gjeld dette stebarnsadopsjon av vaksne eller adopsjon av tidlegare fosterbarn.
Reglar for adopsjon av vaksne
- Den som sÞkast Ä bli adoptert, mÄ samtykke.
- Det mÄ vere klart sannsynleg at adopsjonen vil bli til beste for personen som skal bli adoptert.
- AdopsjonssÞkaren mÄ ha oppfostra personen i minst 6 Är. Det kan gjerast unntak frÄ kravet dersom det er sÊrlege grunnar for det.
- Foreldrene til personen som sÞkast adoptert skal fÄ hÞve til Ä uttale seg.
- NÄr adopsjonen er gjennomfÞrt, er den endeleg og kan ikkje opphevast.
(Kjelde: Bufdir)
Granskar adopsjonar
Saka til Sandra kjem samstundes som at regjeringa granskar utanlandsadopsjonar.
Det har blitt avdekt at mÞdrer har blitt frÄtekne barna sine mot si vilje og at barn har blitt selt.
Noreg har stansa nesten alle utanlandsadopsjonar midlertidig.
Kutta samarbeid pÄ 90-talet
Sidsel Elie Aas, som er dagleg leiar Adopsjonsforum, vil ikkje spekulere i om adopsjonssaka til Sandra og sÞskena skjedde ulovleg. Ho trur at den pÄgÄande granskinga kan gi betre svar.
Adopsjonsforum slutta Ă„ samarbeide med Costa Rica i 1992.
Granskingsutvalet skal kome med sin rapport i juni og etter det skal politikarane Ä bestemme om det skal vere lov Ä adoptere frÄ utlandet i framtida.
â Det er absolutt mogleg at det blir full stopp, seier Aas.
Ho meiner det er stor forskjell pÄ adopsjonane tilbake i tid og korleis dei blir kontrollerte i dag.
Sidsel Elie Aas er dagleg leiar for Adopsjonsforum. Organisasjonen er den einaste som framleis formidlar adopsjonar, men berre frÄ Colombia.
Utanlandsadopsjonar
- Dei siste 20 Ära har tal pÄ utanlandsadopsjonar gÄtt kraftig ned.
- I 2022 blei 45 barn adopterte til Noreg.
- I 2005 blei over 700 adopsjonar formidla gjennom norske adopsjonsorganisasjonar.
- Internasjonal adopsjon skal berre skje viss styresmaktene i heimlandet til barnet ikkje har greidd Ă„ finne ein familie i dette landet.
(Kjelde: regjeringa)
BÞr fÄ hjelp i eige land
Sandra er klar i si tale: Ho meiner at i staden for utanlandsadopsjonar bÞr barn og familiar fÄ hjelp i sine eigne heimland.
â Det handlar bĂ„de om Ă„ fĂ„ vere i den kulturen du er fĂždt inn i, og bevare sprĂ„ket du har. Det er veldig krevjande Ă„ bli flytta slik, seier Sandra Vanessa Borhaug.
â Men kva visst landet ikkje har ei fungerande barnevernteneste eller hjelpeapparat?
â Det kostar ca 250 000 kr sist eg undersĂžkte berre i administrasjonskostnadar ved Ă„ flytte eit barn i adopsjonsprosess. Dette er pengar ein kan nytte til Ă„ stĂžtte familiane framfĂžre Ă„ ta vekk barna deira, meiner Borhaug.
Ferie i heimlandet
No ser Sandra framover og gler seg til neste ferietur til heimlandet. DĂ„ vil ho vise barna den katolske kyrkja oldefaren hennar var med Ă„ bygge.
Firebarnsmora aner ikkje korleis livet hennar kunne ha vore dersom ho ikkje vart flytta til Noreg som barn.
â Det hadde absolutt vore mogleg Ă„ skape seg eit godt liv, trur 41-Ă„ringen.
PÄ stovebordet er det ogsÄ innslag frÄ heimlandet Costa Rica. Den hekla blomen er det mamma Cristina som har laga.