Herold

Steinparken på stø kurs

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Øystein Skaala, Rosendalstiftinga Published: 2026-05-04 07:13:33
Steinparken på stø kurs

Kvinnheringen hadde 2. mai eit oppslag med tittel «Vil byggja utleigehytter i Steinparken». Det kan gje inntrykk av at fokus for Steinparken no skal endrast. Steinparken er frå starten av eit av besøksmåla knytt til Folgefonna nasjonalpark. Det primære føremålet er å formidla natur- og kulturhistorie knytt til regionen, og i samsvar med FN sine berekraftmål. Slik vil det også vera vidare framover. For å etablera og utvikla Steinparken, etter ønskje frå Kvinnherad kommune, vart Rosendalstiftinga etablert i 2001, som ei almennyttig stifting – utan eige økonomisk føremål.

Det private arealet som parken er etablert på, låg som eit utilgjengeleg villniss etter dramatiske flaumar i 1940. Med areal generøst tildelt av gardbrukar Knut L. Mehl og seinare tilleggsareal frå Leif Kristian og Vibeke Skåla, vart området «avprivatisert» og tilrettelagt for opplevingar og aktivitetar for små og store.

Vi har ingen planar om å endra fokus for Steinparken. Det aller meste av det som er omtala i planen er alt på plass. På nokre punkt må stiar og bruer tilpassast betre for rullestolbrukarar. Av andre tiltak som planen opnar for, kan nemnast eit mindre lokale bak Dinosaurhuset, og inntil to enkle, små «hobbithytter» tilpassa terrenget. Også desse tiltaka vil vera tett integrerte i formidlinga i Steinparken.

Kravet frå Kvinnherad kommune om å laga ein reguleringsplan for Steinparken, kunne fort sett punktum for parken. Samstundes var dette eit godt høve til å ta ein grundig runde med planlegging av vegen vidare, der både kommune, fylke, statsforvaltar og andre offentlege og private aktørar vart inkluderte. Vi har opplevd nokre av detaljeringskrava som unødig krevjande for parken, men har oppfatta både Statsforvaltar og andre aktørar som i all hovudsak positive. Sidan vi ikkje mottek noko form for driftsstøtte, har Statsforvaltaren sett at vi må framskaffa inntekter sjølv, slik det framgår i reguleringsplanen.

🏷️ Extracted Entities (11)

Steinparken (entity) Kvinnherad (entity) Dinosaurhuset (entity) FN (entity) Folgefonna (entity) Knut L. Mehl (person) Leif Kristian (person) Rosendalstiftinga (entity) Statsforvaltar (entity) Statsforvaltaren (entity) Vibeke Skåla (person)