Biocid, Lingalaks og Hardangerfjorden
Plus
Klaus Rasmussen kjem med eit ope spÞrsmÄl til Lingalaks om bruk av biocid.
Naturvernforbundet Hardanger har i fleire Är hatt fokus pÄ fjordhelse.
Lingalaks er ein av dei stÞrste oppdrettsaktÞrane i Hardanger og disponerer eit titals lokalitetar. Kopar var tidlegare mykje i bruk som eit vanleg anti-gromiddel. Utfasinga av kopar var positivt og eit viktig steg mot ein reinare fjord. Som eit alternativ har mange oppdrettarar tatt i bruk tralopyril, som er eit biocid. Dette for Ä fÄ bukt med groing pÄ merdar og bÄtar.
Biocid er ein ny type kjemi som me har lite kunnskap om. Biocida transporterast lett i vatn og vert mest sannsynleg absorbert av andre organismar. Stoffet er lett Ă„ handtere, men er ĂČg ekstremt giftig.
Fabrikantane hevdar at stoffet vert nedbrote i sjĂžen. Men ein rapport frĂ„ NIVA Screening Programme 2024 â miljodirektoratet.no viser at stoffet ikkje forsvinn, men heller hopar seg opp i kolossale konsentrasjonar. NIVA har mĂ„lt konsentrasjonar rundt oppdrettsanlegg og notvaskeri som er 120.000 gongar over det «trygge» nivĂ„et.
Naturvernforbundet Hardanger ser dette som ei sÊrs dÄrleg utvikling. Dette er ikkje bra for livet i fjorden. Det er uheldig for fisken i merdane, som ogsÄ vil ta opp biocidet og det er svÊrt uheldig for alle oss som lever og fiskar rundt fjorden.
SpÞrsmÄlet vÄrt er: Brukar Lingalaks biocid pÄ anlegga sine og vil dei ogsÄ bruke biocid i «Stadion»-prosjektet ved Bruravik, som er til kommunal vurdering? Korkje reguleringsplanen eller utgreiingane omtalar dette.
Multiconsult har akkurat levert ein omfattande rapport som viser at den indre fjorden i Hardanger er i «dÄrleg kjemisk» tilstand. Kjemien vil sedimentere (falle ned) pÄ fjordbotnen og det kan ta hundrevis av Är fÞr tilstanden betrar seg. Store cruiseskip med gigantiske propellar kan vere ein effektiv spreiar av slike sediment.
Det prosjekterte anlegget til Lingalaks og Eide i Ulvik er pĂ„ ca. 12.000 tonn fisk; tilsvarande 3â4 vanlege oppdrettsanlegg. Naturvernforbundet Hardanger ynskjer Ă„ vite kva kjemi som er tenkt brukt i dette gigantiske anlegget.
Svar til Klaus Rasmussen
Tek Ulvik ein demokratisk snarveg i mĂžte med oppdrettsnĂŠringa?