Herold

Kan god langsiktig strategi fungera med korttenkte tiltak?

Plus
Kilde: Hordaland Author: Thor Erling Larsen, Leiar i Bolstadøyri Grendalag, Bolstadøyri Published: 2025-12-05 09:22:49
Kan god langsiktig strategi fungera med korttenkte tiltak?

Utdrag frå høyringsfråsegna Bolstadøyri Grendalag om barnehage- og skulestruktur i lys av samfunnsdelen i kommuneplanen.

1. Bolstadøyri Grendalag sin visjon er samarbeid og deling av gode og ulemper.

Bolstadøyri Grendalag ynskjer både god skule og god barnehage i vestdelen av heradet.Pri 1: Skule på Evanger og felles barnehage for Evanger og Bolstadøyri, i skulen på Bolstadøyri.

Pri 2: Skule på Evanger og barnehage for Evanger i skulen der, barnehage på Bolstadøyri. Me har tru på å dela på dei kommunale goda, både på kort og lang sikt. Og å dela på ulempene.

2. Tankerekka vår ser slik ut:Bolstadøyri er av gode grunnar peika ut som grendesenter i Vest. Det er både framsynt og klokt. Det vert sagt at heradet aktivt skal bidra til å etablera og skapa vekst ved å etablera og styrka kommunale tenester og infrastruktur i slike senter. Det er lovande.

Bolstadøyri vert ein spydspiss eller ein opning mot vest, m.a. fordi det har eit stort vekstpotensial for bustadbygging og dermed folketalsauke. Særleg om ein ser fram mot ny K5 frå̊ Stanghelle til Bergen om knappe 10 år. All vekst skjer gradvis, og ein er avhengig av grunnleggjande kommunale tenester heilt frå̊ starten av. Avgjerande for å lukkast er barnehage.

3. Dette lurer me på:

Er det framtidsretta og fornuftig at heradet gjer framlegg om å leggja ned barnehagen på Bolstadøyri? De kallar det eit kortsiktig tiltak.

Barnehagen er den einaste «magneten» eller «agnet» som kan fungera for å nå det kommunale målet om vekst og utvikling i vest! Barnehagen er naudsynt for å motivera tilflytting av skattytarar/ pendlarar/gründarar utanfrå, særleg frå̊ Bergensregionen! Då er det heilt feil medisin, sjølv i eit kortsiktig perspektiv, å fjerna barnehagen.

Utan tilflytting, ingen vekst. Utan nye byggefelt, ingen tilflytting.

(Det ferdig regulerte byggefeltet, Eikelitunet, med sine 24 einingar er ikkje teke inn som faktor i forventa folketalsutvikling/demografivurdering. Areal til meir bygging er lett å finna) Utan barnehage, ingen tilflytting.Utan aktiv kommunal satsing på å nå mål heradet sjølv set opp, ingen suksess.

4. Dette forstår me ikkje heilt:

Vert det billegare å byggja på og byggja om Evanger skule til oppveksttun, samanlikna med å byggja om Bolstadøyri gamle skule til rein barnehage? Multiconsult seier at bygget er eigna til barnehage.

5. Litt oppfrisking av nær historie:

Heradet vedtok å opna barnehagen på Bolstadøyri att i 2020. Heradet leigde modular 2020-2025, og ville nytta tida fram til 2025 med å greia ut og byggja om Bolstadøyri skule til framtidig permanent barnehage. Sjå hst-sak 70/21. Bolstadøyri skule skulle, saman med Oppheim skule, inn i eit statleg pionerprosjekt om rehabilitering i staden for nybygg. Stor optimisme – til dei oppdaga asbest på Oppheim skule. Me var prosjekt nr. 2 på lista, og trudde fokus vart flytta til Bolstadøyri. Men det skjedde ikkje noko. Elden slokna, lufta gjekk ut av ballongen. Hjå heradet, men ikkje på Bolstadøyri.

6. Deler av konklusjonane i høyringsutkastet er litt underlege?

No er strukturdebatten komen for n'te gong, og for Evanger/Bolstadøyri slår det denne gongen ut i ein ide om eit «oppveksttun» der ein pressar saman tre små einingar i eit skulebygg for å oppnå «stordriftsfordelar», «pedagogisk meirverdi», «saumlause overgangar» og framfor alt økonomisk innsparing.

Administrasjonen har rekna seg fram til ei årleg innsparing på 3,4 millionar kroner. I høve til eit totalbudsjett for Voss herad på 2000 millionar tilsvarar dette ei innsparing på 1,7 promille! Både dei pedagogiske og økonomiske argumenta treng betre grunngjeving.

Dersom oppveksttun er ei medviten kommunal pedagogisk prioritering, er det underleg at Gjernes, Gullfjordungen, Bulken, Sundve, Granvin og Palmafossen ikkje vert nemnde som moglege oppveksttun i frampeik/langtidig satsing? Vurderinga av borna sitt beste i denne delen av saka er basert på eit makroperspektiv. Leiaren for barnehagane ser born i heradet som ei stor gruppe. Så vurderer ein «skadeverknader» for borna ut frå kva som er best for flest «ved å gjera noko», og kva som er verst for flest ved å «ikkje gjera noko». Det er eit vanleg sentraliseringsargument.

Ei vurdering av borna sitt beste i Bolstadøyri/Evanger konkluderer med at oppveksttun på Evanger vil vera best på kort sikt, og eit oppveksttun på Bolstadøyri vil vera best på lang sikt. Dette er ei sjølvmotseiing som er vanskeleg å forstå – og i strid med kommuneplanen si overordna grendasentersatsing.

Lat oss bløma!

7. Viktigast av alt er å sjå framover.

Det er sikkert mange parameter ein samfunnsvitar kan bidra med om ein vil basera prognosar for folketal og demografi dei komande 15 åra på utviklinga dei førre 15 åra. Frampeik på sannsynleg folketalsutvikling i vest må m.a. ta omsyn til faktorar som byggjeklare bustadfelt, areal tilgjengeleg for vidare utbygging, K5 sin moglege innverknad på pendling mot vest.

Grendelaget vonar at også våre gode grannar på Evanger ser verdien av at heradet satsar på Bolstadøyri. Vekstpotesialet er stort på Bolstadøyri. Skal ein oppretthalda ein skule på Evanger etter 2035, treng ein auke i folketalet på Bolstadøyri. Og skal ein få til det, må det vera barnehage på Bolstadøyri. Og gjerne ein på Evanger, plassert i skulebygget.

8. Kva fryktar Grendalaget?

At Bolstadøyri gjennom kortsiktige kommunale grep vert omgjort til ein «uproduktiv utkant». At den gode verbale satsinga i kommuneplanen sin samfunnsdel smuldrar vekk – og ein i etterkant oppdagar at kortsiktige sparetiltak vart tunga på vektskåla til dette. At heradet faktisk skuslar bort eit viktig område som kan bidra til vekst og tilflytting, til beste for heile heradet. At Bolstadøyri og Evanger kjempar mot kvarandre, når beste løysinga er å dela på dei kommunale goda. At Evanger som felles «oppveksttun» i vest, vert dimensjonert for dagens barnetal. At utbygginga på Evanger vert gjort med eit minimumsareal både innandørs og ute. At det ikkje vert teke høgde for den vekst og utvikling heradet ynskjer eit grendesenter skal gje. «Brått» er barnetalet likevel auka, oppvekstbygget på Evanger er for lite. Kva gjer ein då?

9, Skal ein dela gode, må ein og kunne fordela ulemper.

Å bringa/henta i ein barnehage på Bolstadøyri når ein bur på Evanger og jobbar på Voss, er ei ulempe. Men OK om ein jobbar i Bergensområdet. Å bringa/henta i ein barnehage på Evanger når ein bur på Bolstadøyri og jobbar i retning Bergen, er ei ulempe. Men OK om ein jobbar på Voss.

Å bringa/henta på SFO på Evanger er ei ulempe «berre» for dei Bolstadøyriforeldra som jobbar i retning Bergen. Og ingen SFO-elevar frå̊ Bolstadøyri kan «gå̊» heim att. Viktig vert det uansett å sikre gode opningstider i barnehage og SFO. Folk må sleppa å flytta ut av grendene for å kunne kombinera full jobb og småbarnsliv.

10. Kva har heradet «gjort» for Bolstadøyri i nyare tid?

Barneskuletilbod for Bolstadøyri er flytta til Evanger. Ungdomsskuletilbod for alle i vest er flytta til Voss. Barnehagetilbodet vart flytta til Evanger frå 2013-2020, men opna att i 2020. Heradsstyrevedtak i sak 70/21 om å førebu ein permanent barnehage i Bolstadøyri skule er ikkje fylgd opp.Me treng betre og meir aktiv drahjelp for å utvikla Bolstadøyri til det kommuneplanen legg opp til.

Evanger må bli grendesenter i vest

11. Ingenting positivt?

Jaudå, nytt framlegg til kommuneplan set Bolstadøyri opp som grendesenter i Vest.

Me har fått oppgradert kloakkreinseanlegget med tanke på nye bustadfelt.

Det er lagt ned ny vassleidning frå vassverket og vestover forbi kloakkreinseanlegget.

Framsynt med tanke på nye bustadfelt.

Deponi for steinmassar frå K5 er m.a. tenkt plassert på Bolstadøyri. Heradet prioriterer Bolstadøyri aktivt som stasjonsval i samband med fase to av K5.

12. Dette krev me:Me krev difor at ein beheld barnehagen på Bolstadøyri i modulbygget eitt år til.I 2026 og fram til august 2027 gjer ein dei naudsynte tilpassingar av rom i Bolstadøyri skule, flytter barnehagen inn i skulen frå̊ august 2027. (Modulane betaler ein uansett leige for til aug. 2027.) Uteområdet/nærområdet på Bolstadøyri har svært gode kvalitetar for ein barnehage.

NB! Modulbygget har plass til borna frå Evanger barnehage 2026-2027, og dei er hjarteleg velkomne i det me meiner vert ei betre løysing enn å stua alle saman inn i Evanger skule. Når ein byggjer om Bolstadøyri skule til barnehage, vil det og vera plass til alle frå̊ Evanger – om ein vel det.

Mange har tru på at ein rein barnehage og ein rein skule fungerer betre enn eit oppvekstsenter.

Me fryktar dessutan at eit «nybygd» oppvekstsenter på Evanger vil bli bygd med minimalt areal, både inne og ute, ikkje med plan om vekst og utvikling. Dette vil me åtvara mot. Dette har heller ikkje Multiconsult anbefalt i sin rapport, der eksisterande skuleareal er omtala som lite eigna til barnehagebruk.

13. Oppmoding til politikarane:

Det er fordeler og ulemper både med å bu i ein utkant, og med å bu sentralt. Det er me klar over. Me må verta betre på i dela på kommunale gode og handla i samsvar med langsiktig tenking. Det er viktig at me beheld langsiktige mål om at heile heradet skal kunne vera gode oppvekstomdråde.

Rådmannen trur at 70 % av veksten i Voss vil skje sentralt, 30 % utanfor sentrum.

Med ei medviten satsing på grendesentera vil veksten utanfor sentrum trueg verta større. Bolstadøyri er Voss herad sin opning/spydspiss mot vest, og det har kommuneplanen teke omsyn til i samfunnsdelen.

Og analysen rådmannen har gjort, viser at det er god plass til vekst her. Då er det avgjerande at det vert arbeidd frå̊ dag ein med å sikra at ein vel tiltak som medfører at kommuneplanen sitt langsiktige mål vert innfridd.

Eit evt. vedtak om nedlegging av barnehagen på Bolstadøyri er korttenkt og lite målretta.

Rådmannen sa i møtet på Evanger 30/10; «Der det satsast, blir det vekst.»Ta han på ordet, sats på barnehage på Bolstadøyri og skule på Evanger for å sikra vekst i vest!

Evanger som grendasenter i Voss vest – eit kunnskapsbasert og historisk forankra val