Herold

Slik såg det ut i høgda i morgontimane

Plus
Kilde: Firda Author: Idar Stadheim Published: 2026-05-04 05:30:32
Slik såg det ut i høgda i morgontimane

Snøen er tilbake. Og skal du på tur over fjella, er oppmodinga frå Vegtrafikksentralen klar.

– Nattskiftet fekk meldingar om at det hadde lagt seg snø i natt på E39 ved Myrmel, elles har det ikkje vore meldingar der det har påverka trafikken, fortel trafikkoperatør Marianne Hove, ved Vegtrafikksentralen Vest måndag morgon.

Etter ein langvarig varm og vårelg periode, tok kulda eit mai-sveip innover vest, og la seg som snø i høgden natt til måndag.

I høve dette, fortel Hove at det også er sendt ut eit pågaånde farevarsel i Sør Norge.

– Det er meldt snø i fjella i ettermiddag også. Så for dei som skal over fjella, så oppmodar vi til å finne andre overgangar å køyre, eller å legge om dekk att, seier trafikkoperatøren.

Ho syner til at dei aller fleste no truleg har lagt om til sommardekk.

– Så folk må vere obs no på at snø i høgda kan skape utfordringar.

Dette seier kjendismeteorologen om Førde-vêret neste veke

🏷️ Extracted Entities (6)

Marianne Hove (person) Vegtrafikksentralen Vest (organization) E39 (entity) Førde (entity) Myrmel (entity) Sør Norge (person)