Full støtte til dei streikande i Fellesforbundet!
Plus
LO i Sunnfjord vil med dette uttrykkje si fulle støtte til våre streikande kameratar i Fellesforbundet.
Dei tilsette i hotell- og restaurantbransjen utgjer ein avgjerande del av arbeidslivet påVestlandet, og innsatsen deira er heilt nødvendig for både lokalsamfunn og næringsliv. Likevel er dette ei yrkesgruppe som over tid har opplevd press på løns- og arbeidsvilkår, og som i for stor grad har vorte hengande etter i den generelle lønsutviklinga.
Krava som no vert fremja, er både rimelege og nødvendige. Forskottering av sjukeløn er eit viktig tiltak for å sikre økonomisk tryggleik for arbeidstakarar i denne bransjen. Ingen skal måtte uroa seg for eigen økonomi ved sjukdom. Vidare er eit reelt lønsløft avgjerande for å sikre verdige arbeidsvilkår og for å gjere bransjen meir attraktiv og berekraftig på sikt. Hotell- og restaurantbransjen er ei viktig næring, med stolte og dyktige tilsette. Det må dette oppgjeret spegle.
LO i Sunnfjord står skulder ved skulder med dei streikande i kampen deira for rettferdig løn og trygge arbeidsforhold. Vi oppmodar arbeidsgjevarsida til å vise ansvar og kome tilbake til forhandlingsbordet med vilje til å finne løysingar som tek vare på dei grunnleggjande behova og rettane til arbeidstakarane.
Saman er vi sterke i kampen for eit meir rettferdig arbeidsliv.