Herold

Høge kostnader bremsar bustadbygging i distrikta

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: NPK – Peder Skjelten Published: 2026-05-03 15:30:00
Høge kostnader bremsar bustadbygging i distrikta

Bustadmarknaden er under sterkt press og i distrikta er det for dyrt å byggje det marknaden har behov for. Stortingsopposisjonen meiner regjeringa er for treig.

I Stortingets spørjetime onsdag blei kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran spurd om kva regjeringa gjer for å auke bustadutbygginga. I valkampen lovde nemleg Arbeidarpartiet 130.000 nye bustadar innan 2030.

Opposisjonspolitikarar meiner regjeringa ikkje lukkast med å få opp byggjetakten og redusere presset i bustadmarknaden.

– Plan- og bygningslova har for mange tunge prosessar. Staten er i tillegg sein med å avklara motsegner, og det blir ikkje betre, sa Helge André Njåstad (Frp).

Færre kan kjøpe bustad

Mange nordmenn er ikkje i økonomisk stand til å kjøpe sin eigen bustad, sjølv om dei får startlån. Ein analyse frå Husbanken viser at andelen som faktisk får kjøpt bustad innan fire månader etter innvilga finansieringsbevis har falle frå i overkant av 47 prosent i 2020–2021 til under 39 prosent i 2024 og starten av 2025. Utfordringane er størst for husstandar med lågast inntekt.

Kommunalminister Bjørnar Skjæran svarte at regjeringa allereie har sett i verk fleire tiltak, mellom anna gitt auka rammer til Husbanken og arbeidd med forenkling av plan- og byggjesaksprosessar.

– Det vi først og fremst kan gjere noko med, er å digitalisere desse prosessane, sørgje for at det blir færre feil i søknader, og å få ned tidsbruken, svarte ministeren.

Kommunar med økonomisk risiko

Anne Lise Gjerstad Fredlund (SV) peika på at bustadkrisa slår ulikt ut i byar og distrikt, og at mange kommunar slit med å møte behovet for både eigde og utleigde hus og leilegheiter.

– I distrikta er problemet ofte at det kostar langt meir å byggje ein bustad enn han kanskje nokon gong kjem til å bli verdt, slik at folk med heilt vanlege jobbar ikkje får lån, og kommunar blir sitjande med stor økonomisk risiko, sa Gjerstad Fredlund.

Det viktigaste statsråden gjer med det no, er knytt til byggjereglane og kva krav kommunane har, svarte Bjørnar Skjæran.

– Vi er også i gang med eit stort forenklingsprosjekt for å gi kommunane større handlingsrom til å klare den store omstillinga kommunane er midt i, i starten av eller har framfor seg dei næraste åra. Det handlar om at vi får ein stor vekst i oppgåvene innanfor helse og omsorg. Då må vi vere meir nøye med kor mykje detaljstyring staten skal leggje på kommunane, for vi ønskjer at dei skal kunne levere på velferdstenestene.

(©NPK)

🏷️ Extracted Entities (7)

Bjørnar Skjæran (person) Husbanken (entity) Anne Lise Gjerstad Fredlund SV (organization) Arbeidarpartiet (entity) Gjerstad Fredlund (person) Helge André Njåstad Frp (person) Stortingets (entity)