Herold

Kjernekraft på vilkår

Plus
Kilde: NH Author: Ole Moen og Jan Nordø, leiar og nestleiar for Samlingslista i Austrheim Published: 2026-05-04 00:02:00
Kjernekraft på vilkår

Ole Moen og Jan Nordø trur eit kjernekraftverk i Austrheim kan vera positivt, men kjem ikkje med noko vilkårlaust hyllest av prosjektet.

Ordførar Morten Sognnes i Austrheim får pes for kjernekraftengasjementet sitt. I avisa Nordhordland 15.04.26 går Reidar Ulvøy, lokalpolitikar for Ap, til frontalangrep på Høgre-ordføraren med skuldingar om inkompetanse.

Nokre dagar seinare får Ulvøy svar på tiltale frå administrerande direktør i Norsk Kjernekraft, Jonny Hesthammer. Personangrepet vert sabla ned. Ulvøy «bommar både på person og sak». Hesthammer held fram: «Av alle ordførarar eg har møtt, er Sognnes ein av dei som aktivt har oppsøkt mest kunnskap om kjernekraft.»

Kjernekraft krev meir enn store ord

Kjernekraft krev kunnskap - ikkje personangrep

Hesthammer blir lett bukken til havresekken, men også frå meir nøytral ståstad fortener ordføraren ros for å vera tidleg på ballen. Og slik me har opplevd han i ulike samanhengar, m.a. på årsmøtet vårt og på folkemøte, har engasjementet for kjernekraft i aller høgste grad vore kunnskapsbasert.

Det betyr ikkje at me ropar eit vilkårslaust halleluja til prosjektet i utmarka på Kaland. Når det er planar om eit kjernekraftverk som har som mål å produsera 10 milliardar kilowattimar straum i året (NRK 08.04.26), set vi bremsane på og bed ordføraren tenkja seg om. Ein slik enorm produksjon svarar til godt over straumforbruket i Oslo kommune og kan bety installering av 3-4 reaktorar av typen SMR (små modulære reaktorar).

Dei negative konsekvensane kan bli store. Straumen skal ut. Det teiknar seg behov for ei omfattande utbygging av kraftnettet i Austrheim og Nordhordland. Med den folkelege mobiliseringa mot den tredje forsyningslinja i friskt minne, er det ikkje urealistisk å spå eit kommunalt folkeopprør om Austrheim skal bli eit «spagettikryss» av leidningar og master. På toppen kjem risikoen for terroråtak og utfordringar knytte til transport og lagring av avfallet.

Men Mongstad og industrien rundt ytre Fensfjorden treng meir straum. Ei god løysing kan då vera å byggja ein SMR tilsvarande 300 MW til lokal forsyning. Kan hende vil ei slik etablering og oppgradering av eksisterande sentralnett også spara Nordhordland for den planlagde tredje forsyningslinja. Det vil også ein restart av gassturbinen på Mongstad (155 MW) kunne bidra til.

Eit grunnleggjande spørsmål er likevel korleis straumsystemet i Noreg skal sjå ut. Som tre forskarar ved Institutt for energiteknikk (IFE) påpeiker i Aftenposten 05.04.26:

«Dersom kjernekraft likevel skulle bli aktuelt i Norge, viser våre analyser at den beste plasseringen for anleggene er på Østlandet, en region med stort forbruk, eller på Sørlandet i tilknytning til utenlandskablene. Samtidig er det verdt å merke seg at flere av kommunene som i dag er positive til kjernekraft, ikke ligger i disse områdene. Hvor kjernekraft eventuelt plasseres, bør derfor ikke avgjøres isolert, men må ses i sammenheng med fremtidig strømbehov, nettutbygging og samspillet med annen ny kraftproduksjon. Ikke bare de neste årene, men langt inn i fremtiden.»

Dessutan trur dei same forskarane at berre små SMR-modular på om lag 300 MW kan bli lønsame. Det undergrev i aller høgste grad planane om eit stort kjernekraftverk på minst 1000 MW og styrkjer argumentet vårt for ein reaktor på 300 MW og lokal forsyning.

Eit modulbasert kjernekraftverk i Austrheim vil gje kraft til Mongstad, klingande mynt i kommunekassa og arbeidsplassar. Bortsett frå nedbygging av myr, vil dessutan fotavtrykket i høve natur bli mikroskopisk samanlikna med vindkraft og til dels vasskraft, t.d. i Stølsheimen.

Det betyr ikkje at me vilkårslaust legg oss flate for kva som helst. Me treng meir kunnskap om risiko og prioriterer lokal forsyning.

Til sjuande og sist er det likevel folket som avgjer. Om vi skal ha kjernekraft eller ikkje, meiner Samlingslista må forankrast i ei kommunal folkeavrøysting.

🏷️ Extracted Entities (23)

Austrheim (place) MW (entity) Mongstad (place) Nordhordland (place) SMR (entity) Aftenposten (entity) NRK (entity) Reidar Ulvøy (person) Ap (entity) Fensfjorden (entity) Høgre (entity) IFE (entity) Institutt (place) Jan Nordø (person) Jonny Hesthammer (person) Kaland (place) Noreg (entity) Norsk Kjernekraft (organization) Ole Moen (person) Ordførar Morten Sognnes (person) Oslo (place) Samlingslista (entity) Stølsheimen (entity)