Kaos på kaien – 60-70 køyretøy kom ikkje med ferja
Plus
Det var heftig med trafikk i sambandet Årsnes-Varaldsøy-Gjermundshamn søndag morgon.
Etter ei innhaldsrik første mai-helg var det mange som freista lukka og ville ta ferja via Årsnes søndag morgon.
Det førte dessverre til lange køar og mange køyretøy som ikkje kom med 11.30-ferja:
«Kaos på Årsnes. Ca 60-70 bilar kom ikkje med», skreiv Tomas Bruvik i ein sms til Kvinnheringen saman med eit beskrivande bilde.
Fjord1 sendte òg ut sms ein time før, og bad bubilar og større køyretøy velja alternativ rute:
«Gjermundshamn-Varaldsøy-Årsnes: Grunna stor trafikk så oppfordrast bubilar og større køyretøy til å ta alternativ rute om mogleg. Det må påventast lengre ventetid i sambandet»stod det i meldinga.
🏷️ Extracted Entities (4)
Kvinnheringen
(entity)
Tomas Bruvik
(person)
Årsnes
(place)
Årsnes-Varaldsøy-Gjermundshamn
(entity)